Regjeringen har oppretta ei tilskotsordning for frivillige organisasjonar som følgje av dei høge straumutgiftene. 

Organisasjonar kan anten søkja via det nasjonale søknadsskjemaet eller direkte til kommunen. 

Fristen for å søke gjennom det nasjonale søknadsskjemaet er 15. mars kl 13.00. 

Følgjande informasjon blir spørt om i skjemaet:

  • Namn på organisasjon
  • Organisasjonsnummer
  • Kontaktinformasjon
  • Kontonummer
  • KWt forbruk desember og januar
  • Kommentarfelt
  • Straum- eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg

Der ein organisasjon registrert i èin kommune har kostnadar knytt til anlegg, lokaler, m.v. i ein annan kommune, må det søkjast i den kommunen der organisasjonen har kostnadane. Det vil ikkje vere mogleg å levera desse søknadane via det nasjonale søknadsskjemaet. Dei organisasjonar dette gjeld må senda søknad med same informasjon som lista opp over direkte til kommunen der dei aktuelle anlegga ligg

Les meir om ordninga på regjeringa.no

Ved spørsmål, ta kontakt med Bente Bjelland på telefon 476 86 208 eller på e-post bebj@fitjar.kommune.no