Førehandsrøysting

Ordinær førehandsrøysting startar 10. august, og varer til og med siste fredag før valdagen, 
10. september. 

I veke 35 og 36 er det utvida opningstider for førehandsrøysting på Fitjar rådhus slik:

Måndag til torsdag, ope til kl. 18:00
Laurdag 4. september ope mellom kl. 11:00 og 15:00

Førehandsrøysting på institusjon vert halde onsdag 8. september. Det vert oppslag om dette på avdelingane.

Manntalet

Manntalet er ei liste over personar som har rett til å røyste ved val i Noreg.

Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus, til og med valdagen. Her kan du sjekka at du står registrert i manntalet. Meiner du at manntalet inneheld feil eller manglar, må grunngjeve krav om retting sendast skriftleg til Fitjar valstyre. Dette kan sendast på epost til: fitjar@fitjar.kommune.no, eller til Fitjar valstyre, postboks 83, 5418 Fitjar.

Digitale valkort

Valdirektoratet har no sendt ut digitale valkort. - Dette markerar starten på valet, seier direktør Bjørn Berg.

Frå 10. august er det mogleg å førehandsrøyste til årets stortingsval i alle kommunane i landet. Før den tid sender Valdirektoratet ut valkort til alle som kan røyste.

Ei stadfesting på røysteretten, men ikkje nødvendig for å røyste

  • Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved årets stortingsval, seier direktør for Valdirektoratet Bjørn Berg.

I tillegg vil du finne nyttig informasjon om valet på valkortet. I år blir også valkorta sendt ut digitalt.  Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, og dei er ikkje nødvendige å skrive ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare.

  • Det einaste du MÅ ha med deg er legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato. Har du dette, så får du røysta. 

Berg legg til at det er nokre som lurer på om det er mogleg å røyste på nett med digitalt valkort, men det er det ikkje. Det er ikkje gjort endringar i korleis valet blir gjennomført, og veljarane må møte opp i eit vallokale og røyste på papirrøystesetlar som tidligare. Det er mogleg å røyste i heile landet fram til 10. september. På valdagen må ein røyste i kommunen der ein er folkeregistrert.

Blir sendt til di digitale postkasse og varslar deg med SMS

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med en SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har en digital postkasse får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, får fortsatt valkort tilsendt på papir.

Totalt blir det sendt ut over 3,5 millionar digitale og ca. 300 000 valkort på papir.

Les meir om digitale valkort på valg.no

Røysting heime

Veljarar som ikkje kjem seg til vallokalet på valdagen, eller til lokalet for førehandsrøysting, kan søkje om å få røysta heime.

Søknadsfrist for å få røysta heime i perioden for førehandsrøysting, er fredag 10. september kl. 10.00.

Søknaden treng ikkje vera skriftleg. For å melda frå at du ynskjer å røysta heime, ta kontakt med Fitjar kommune på tlf: 53 45 85 45, eller epost: fitjar@fitjar.kommune.no

 

Veljarar i isolasjon grunna covid-19.

Veljarar som ikkje kan røysta i vallokalet på valdagen grunna isolasjonsplikt grunna covid-19, kan etter søknad røysta der dei oppheld seg. Frist for å søkja om dette er på valdagen kl. 10.00.

Retten til å røysta heime etter perioden for førehandsrøysting, gjeld kun for veljarar som røyster i den kommunen dei er manntalsført i. Ein kan røysta heime både laurdag og sundag før valdagen, og på valdagen.

Gjennomføring av val i pandemi

Fitjar kommune føl smitteveileder som er utgitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i alle fasar av valgjennomføringa. Veiledaren finn du her 

Midlertidig lov om endringer i valgloven og kommuneloven (tiltak for å avhjelpe negative konsekvenser av covid-19) finn du her

Veljarar som er i karantene skal ikkje røysta i ordinært vallokale, verken på førehandsrøysting eller på valdagen. Det er høve til å røyste utanfor vallokalet, f.eks. i bilen. Veljarar i karantene kan røysta heime, etter søknad til valstyret. Søknadsfrist er fredag 10. september kl. 10.00.

Veljarar som er i isolasjon kan røysta heime, etter søknad til valstyret. Det er høve til å røysta heime laurdag og sundag før valdagen, og på valdagen. Søknadsfrist er valdagen kl. 10.00.

Søknad om å få røyste heime treng ikkje vera skriftleg. For å melda frå at du ynskjer å røysta heime, ta kontakt med Fitjar kommune på tlf: 53 45 85 45, eller epost: fitjar@fitjar.kommune.no