Går du med ein gründer i magen og er forviten på kva som skal til for å starta di eiga verksemd?

Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. Gjennom dette introduksjonskurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.

Det vert StartOpp kurs 7. oktober  kl. 18-20 for Fitjar og Stord  i Atheno sine lokale, Vabakkejen 6 på Stord. 

Påmelding til : reidun@atheno.no, merk med "StartOpp Fitjar/Stord kommune"

Kurset er gratis og vil ta for seg:

-Korleis går ein fram med ein idé?
-Kva er viktig å tenka på?
-Finansiering
-Marknadsundersøking
-Forretningsmodell
-Forretningsplan
-Nettverk
-Vanlege problemstillingar
-Ein etablert gründer fortel: korleis har reisa vore.
-Kva kan Atheno hjelpa med?

Kurshaldar: Nina Østensjø, Atheno AS