Kongevegen
Foto: Eva Moberg/Vestland fylkeskommune

I samband med frivilligåret 2022 lyser Vestland fylkeskommune no ut midlar til å leggje til rette, skjøtte og formidle lokale historiske ferdsleårer.

Dei frivillige gjer ein stor innsats i arbeidet med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. I frivilligåret rettar vi merksemda mot lokale aktørar for å løfte fram og synleggjere det viktige arbeidet dei gjer.

Historiske stiar, vegar, ruter og andre ferdsleårer er tema for tilskotsordninga i 2022. Her kan lag og organisasjonar søke om midlar til å etablere og opne nye historiske ferdsleårer eller til å revitalisere eksisterande. Midlane kan nyttast til ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, leggje til rette og formidle dei lokale historiske ferdsleårene.

Kvar einskild foreining, lag eller organisasjon kan søke om inntil 100 000 kr.

Søknadsfrist er 15. februar.

Du finn meir informasjon om søknadsordninga og korleis du søkjer på denne sida.

Det er Klima- og miljødepartementet som har løyvd midlar til denne tilskotsordninga. Vestland fylkeskommune har også løyvd ekstra tilskotsmidlar i samband med frivilligåret 2022. Kriterium og søknadsfrist for den tilskotsordninga blir klar i januar.