Norges nasjonalparker har ein kampanje om å gjere folk meir merksame på kva reglar som gjeld i eit verneområde. Dei har difor laga noen filmsnuttar om korleis me skal te oss i verneområde.  Filmane ser du nede på sida.

I fleire verna områder er det eigne reglar for å tenne bål.
Det er difor lurt å vita kva som gjeld der du er på tur og å finna ein eigna bålplass slik at ikkje berg eller vegetasjon vert skada.

  • Unngå å tenn bål på svaberg eller fjell, slik at fjellet ikkje sprekk
  • Husk at sjølv om nokon har tent bål før deg, er det ikkje sikkert at det reknast som ein godkjent bålplass
  • Husk generelt forbod mot bål frå 15. april til 15. september

Her finn du en filmsnutt om bålbrenning

Kor hentar du ved til bålet?
Store delar av Hystadmarkjo på Stord er eit naturreservat med eigne reglar for plukking og hogging av tre og greiner. Her må vi la både levande og daude tre få stå i fred. Trea er viktige for insekt, fuglar og andre artar som trivast i skogen, og er difor viktige å ta vare på. Ta heller med deg eigen ved heimafrå og nyt bålet på eigna bålplassar.

Her finn du en filmsnutt om å samla ved

Les meir om verna områder i Noreg på Norges nasjonalparker si nettside 

GOD TUR!