Open og ukontrollert brenning av avfall og biologisk materiale kan gje store utslepp av mellom anna tjørestoff, polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH), dioksin og tungmetall. Dette kan føre til både helse- og miljøproblem lokalt. 

I utgangspunktet er open brenning  og brenning av avfall i småomn ulovleg etter forureiningslova § 7 om plikt til å unngå forureining. MEN det er opna opp for forureining som kan sjåast som «vanleg» forureining frå bustad og primærnæring, jf. forureiningslova § 8. 

Det vil sei at lyngbrenning i jordbruket, flatebrenning i skogbruket, bråtebrenning, bålbrenning, St. Hansbål og brenning av små mengder tørt hageavfall frå eigen hage er å sjå som «vanleg» forureining. Hageavfall som overskride eit tilhengarlass bør normalt leverast til miljøstasjon. Ved brenning av hageavfall må ein teke omsyn til vêr- og vindforhold slik at ikkje røyk vert til sjenanse for andre. 

Når det kjem til avfall er det berre reint trevirke som er lov å brenne. Dette skal brennast i småomn og ikkje som open brenning. 

Alt anna avfall skal leverast til miljøstasjonen og er ulovleg å brenne. 

Minner elles om at det er eit generelt forbod mot bål mellom 15. april og 15. september.