Det har oppstått fleire lokale smitteutbrot av koronavirus i Norge, som følgje av meir reiseverksemd og ferieavvikling. Nokon av desse har skjedd pga. reiser frå utlandet til Norge.  Fitjar kommune følgjer nasjonale retningslinjer generelt, men Fitjar kommune  innfører sterkare restriksjonar i helsesektoren frå dags dato:

Vern av sårbare grupper:
Fitjar kommune har bestemt i hht Smittvernloven §4 følgjande  førebyggande tiltak for å verne om dei mest sårbare i samfunnet; folk som bur i helseinstitusjon og i omsorgsbustadar.

  • Tilsette i helsesektoren i Fitjar kommune vert pålagt å ikkje møte på jobb i løpet av 10 dagar etter ankomst  dersom dei har hatt opphald utanlands, uavhengig av land.
  • Det er besøksforbod til kommunale helseinstitusjonar  i 10 dagar etter  ankomst dersom besøkjande  har hatt opphald i utlandet, uavhengig av land,  og vi rår til at det same vert praktisert for omsorgsbustadar i Fitjar.

Endringar i dette påbodet vert fortløpande vurdert.

Utvida tid for testing
Folk med akutt luftvegsinfeksjon må venda seg til fastlege eller legevakt som rådfører seg med kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66, som har ope 08:30 - 15.00 alle kvardagar. Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/sundag vert telefonen ruta til legevakta 116117 som kan hjelpa til med rådgjeving.

Oppstart av barnehagar og skular
Nasjonale smittvernstandardar vert nytta i alle barnehagar og skular. Informasjon vert gjeve til alle heimar om oppstart.

Oppretthald grunnleggjande smittevern !
Vi minner på nytt om kor viktig det er at alle innbyggjarar følgjer dei generelle smittverntiltaka

  • håndvask, spritvask
  • avstand på minimum ein meter mellom folk.

Dette er svært lett å gløyme ved besøk av butikkar og på offentlege stadar, men det er like viktig no som tidlegare i år. Berre slik kan vi hindre at det skjer nye utbrot i kommunen.

For private samankomstar gjeld framleis regelen om maksimum 20 personar samla.