Det er ikkje naudsynt å teste seg for korona om du ikkje har særleg høg risiko for alvorleg sjukdom. For dei som både er over 65 år og har sjukdomar som medfører særleg høg risiko er det tilrådd å teste seg dei første 4 dagane ved nyoppståtte luftvegssymptom, for å finne ut om korona er årsaka.

RISIKOSJUKDOMAR er:

  • aktiv kreftssjukdom eller pågåande/nylig behandling mot dette
  • alvorleg lungesykdom
  • alvorleg hjerte-/karsykdom
  • dårleg regulert diabetes
  • alvorleg overvekt med KMI >35
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom med betydeleg funksjonsnedsettelse
  • langtkommen demens
  • alvorleg psykisk sjuke, spesielt alvorlig schizofreni
  • Downs syndrom

Ved positiv test kan det vere aktuelt med behandling som bremsar sjukdomsutviklinga. Det må vurderast av lege som kjenner sjukdomshistoria og helsetilstanden din, og som veit kva legemiddel du brukar frå før. Det er viktig å finne ut om det er trygt å bruke medisin mot korona saman med dei faste medisinane dine.

Den interkommunale legevakta har ikkje desse opplysningane, og du må difor kontakte Fitjar legesenter og opplyse at du har testa positivt for korona. Dersom det er aktuelt får du resept og hentar medisinen på apotek. Behandlinga må starte innan 5 dagar frå du fekk symptom, for å ha effekt.

Dersom du høyrer til ei risikogruppe kan du hente ei pakke med testar på legesenteret, eller kjøpe i butikk eller apotek dersom legekontoret er stengt. Både fastlegekontor og legevakt har stor pågang av sjuke pasientar for tida, og må prioritere dei som treng akutt legehjelp.

Alle andre med luftvegssymptom skal ikkje ta hurtigtest, men følgje dei godt kjente smittevernråda.

Det er høve til å hente testar i kundetorget på Fitjar rådhus i opningstida. I romjula er det ope kl. 10.00 - 14.00, elles kl. 09.30 - 14.30.