Året 2022 er til ende og me står klar til å ta i bruk eit heilt nytt år. Året som me har lagt bak oss har gitt oss både opp- og nedturar. Då me nett hadde teke livet tilbake etter pandemien braut det ut ein brutal krig i Europa, med alt elendigheit som den fører med seg.  Me som bur i fredelege Fitjar får og merka desse krisene. Det me har merka mest hos oss i 2022 er nok flyktningkrisa og dei ekstremt høge energiprisane.

Når det kjem oppturar er det lett å kasta seg på vinnarlaget. Eg håpar me kan henta fram det same engasjementet og gode samhaldet når me opplever meir krevjande tider. Me treng å stå saman for å støtta dei som treng hjelp når krisene rammar. Det gler meg å sjå at folket i Fitjar tek dette på alvor, m.a. i måten flyktningane frå Ukraina er mottekne på, og nasjonal topp-plassering i TV-aksjonen 2022.

Fitjarbygda kan notera fleire oppturar gjennom 2022. Som ein fylgje av dette trur eg det nye året og åra framover vil gje positiv utvikling i Fitjar. Me får nye innbyggjarar, kommunen leverer gode tenester, fleire vil investera i ny næringsverksemd, kulturlivet og det frivillige arbeidet blømer, og fleire spanande planar er under arbeid. Alt dette gjer at Fitjar vil framstå som eit attraktivt lokalsamfunn. Me arbeider målretta for at Fitjar skal vera ein god plass å bu.  Me er og heldige som får vera ein del av ein flott region. Sunnhordland er inne i ein periode med eventyrleg aktivitet i næringslivet og godt samarbeid mellom kommunane.

Den 11. september 2023 er det val på nytt kommunestyre i Fitjar. Ytringsfridomen og demokratiet er av dei viktigaste verdiane me har i samfunnet. Dei verdiane bør me alle slutta opp om og bruka aktivt.  Eg håpar at mange vil engasjera seg ved å stilla på listene som skal brukast ved valet i Fitjar til hausten. Lokalpolitikk er viktig, lærerikt og engasjerande. I tillegg vert ein kjent med, og får samarbeida med masse kjekke folk.

No om dagen er dei lokale partia i ferd med å få tak i gode kandidatar til å sitja i kommunestyret dei neste fire åra. Eg oppmodar til å sei ja om du skulle få spørsmål om å stå på ei liste. Om du ikkje har fått spørsmålet er det berre å melda seg til teneste av eige initiativ.

Eg vil ynskja innbyggjarar, hyttefolk og andre vener av Fitjar eit godt nytt år!

Saman skal me få gode ting til å skje i Fitjar gjennom året 2023.

 

Helsing

Harald Rydland

Ordførar i Fitjar kommune