Fitjar bygdebok, Gards- og ættesoga band  I og II har i lang tid vore utselde. Kommunestyret vedtok difor at det skulle trykkjast opp nytt opplag, då det framleis er etterspurnad etter bøkene. Det er vorte bestilt nytt opplag på 500 eksemplar av kvart bind. Forlaget Kapabel AS v/ Otto Ersland står for trykking av det nye opplaget. Han lovar at bøkene skal leverast på Fitjar rådhus seinast 20. desember, men at det er ein stor mogelegheit for at dei vil vera klare før. 

Bøkene vil kosta kr. 300,- per stk.  Det vert høve til å kjøpa dette flotte og innhaldsrike bokverket på gåvekort dersom ein til dømes vil gje dei i julepresang til nokon som bur andre stader. Kommunen kan senda bøkene i posten mot eitt tillegg for frakt. 

Om Fitjar bygdebok, gard og ættesoge: 

Fitjar bygdebok band I og II inneheld soga om gardane og ættene i Fitjar fram til 1980. I 1966 vart det vald ei bygdeboknemnd som jobba med å samle inn tradisjonsstoff og familieopplysningane, arbeidet tok 16 år. I bøkene finn ein historia om gardane, og ei oversikt over ættene. Ein kan og finne små  forteljingar  om hendingar  frå kvardagslivet til folk i bygda. 

Gåvekort kan kjøpast i kundetorget frå 1. desember. Det vil verta publisert på kommunen sine heimesider når bygdebøkene kjem til rådhuset.