Agata er sjukepleiar med masterutdanning og har i tillegg leiarutdanning. Ho kjem frå stillinga som funksjonsleiar på Felles intensiv avdeling /dialyse på Stord sjukehus, Helse Fonna. Ho har vore leiar der sidan 2018. 

Ho har og nokre år med erfaring frå kommunesektoren både som sjukepleiar og assisterande leiar.

"Eg ser fram til spanande og utfordrande oppgåver, og ikkje minst til å bli kjent med dei tilsette, og styret. Saman skal me sørga for å vera ein synleg og tydeleg organisasjon. Eg har lyst til å bygga vidare på alt det gode arbeidet som er gjort", seier Kapuścińska.

Kapuścińska er 39 år, gift og bur på Bømlo. Ho tek til som ny leiar 21.08.2023.

Fitjar kommune ynskjer ho lykke til i ny jobb!