Fitjar kommune har fått Familierettleiar knytt til Helsestasjonstjenesta. Det er ei prosjektstilling som resultat av Oppvekstreforma. Målet er å styrkja det førebyggjande arbeidet i kommunen ved å auke kompetansen kring foreldrerolla, samt å styrkje det tverrfaglege samarbeidet. Satsinga er retta mot foreldre med barn og unge i ulike aldrar. 

Familierettleiing er eit tilbod med særleg fokus på å trygge og støtte foreldre i omsorgsoppgåva, og slik gje hjelp til born og ungdom som strevar. Det er eit frivilleg lågterskeltilbod. Foreldre kan sjølv ta kontakt og be om familierettleiing, det krev ikkje tilvising. Tilbodet gjeld individualsamtalar, parsamtalar eller samtalar for foreldre som ikkje bur saman. Det er teieplikt. 

Tema for familierettleiing kan td vera barn si utvikling og behov, grensesetjing, utfordrande åtferd                                                                                                                                traume -og stressrelaterte belastningar i familien, samarbeid og relasjonar mellom foreldre, søskenproblematikk, bekymringar for barnet, miljøet rundt barnet heime, i barnehagen eller skulen, mobbing og vennerelasjonar.

Familierettleiar samarbeider i team ved helsestasjonen. Førebyggande tiltaks-team i kommunen kan kopla på helsestasjonstjenester, skulehelsetenesta og jordmortenesta i møte med familiar med behov for utredning og behandling. Dei kan og anbefale familierettleiing som eit tiltak frå helsestasjonen.

Familierettleiar vil ha ansvar for COSP-kurs (Circle of Security). Kurset vil ha oppstart på helsestasjonen på nyåret 2024. Meir informasjon og påmelding er å finne i eige skriv. 

Familierettleiar er stasjonert på helsestasjonen – Havnahuset. Familierettleiing og COS-kurs er gratis.

 

Meir informasjon finn du her.