I samband med oppvekstreforma som er eit pågåande arbeid i kommunane, er det gjort kartleggingar av tiltak og tenester som vert gitt til barn, unge og deira familiar i kommunane Bømlo, Fitjar og Stord.

I samband med kartleggingsarbeidet er det kome fram at skular, barnehagar og støttetenester opplever det som vanskeleg å finne fram til kven som kan gjere ein innsats i forhold til ulike vanskar og utfordringar som barn og unge måtte ha. 

Dette har kommunane teke på alvor, og har saman med Zpirit laga ei interaktiv, digital oversikt som gir oversikt over tiltak retta mot barn og unge i våre kommunar, og kort veg til tenestene som tilbyr tiltaka. 

Vår erfaring er at gode løysingar kjem som resultat av godt samarbeid – det gjeld også i dette tilfellet. Men igjen har Stord, Bømlo og Fitjar teke initiativet og våga å vera visjonære. Sjølv om me er i tidleg fase tyder tilbakemeldingar så langt på at tiltaksoversikta, til liks med digital BTI-rettleiar og -samhandlingsmodell, vil bli eit særs nyttig verktøy i arbeidet for god oppvekst i mange norske kommunar. Desse verktøya hadde ikkje kome på plass utan at Bømlo, Fitjar og Stord med dyktige og engasjerte folk i spissen, tok leiarrolla, og var aktive i utviklingsarbeidet slik de har vore. Me i Zpirit finn det svært motiverande å få vera med og bidra på denne viktige reisa!, seier strategisk rådgjevar i Zpirit, Steinar Hårde.

Oversikta inneheld tiltak som er retta mot alle (universelle tiltak) og mot dei som på ulikt vis treng hjelp til noko dei strevar med (selekterte/indikerte tiltak). 

Me forventar at oversikta vil gjere det lettare for tilsette og innbyggjarar elles å finne fram til, og få ei forståing for, hjelpa den enkelte kommune kan tilby, kva tiltak som kan hjelpe i ein gitt situasjon, og kven som tilbyr hjelpa. I tillegg vonar me at nettsida vil føre til auka samhandling mellom familiar og tenester – og ikkje minst mellom tenestene i kvar kommune. 

Nettsida har også ein administrativ del som vert nytta som eit styringsverktøy over kva tiltak me har, og skal ha i framtida.

Oversikta er ei open nettside som er tilgjengeleg for alle. Tiltaks- og tenesteoversikta du finna på Bømlo, Fitjar og Stord kommune sine heimesider og på nettsidene Bomlo.betreinnsats.noFitjar.betreinnsats.no og Stord.betreinnsats.no .  

Lenke til Stord kommune si tiltaksside: