I år set vi mobilisering over tid på dagsorden. I LivOGLyst-prosjekt er alle menneske viktige ressursar i sine lokalsamfunn. Brei mobilisering av innbyggjarar, lag, foreiningar og næringsliv er ein premiss for eit vellukka og inkluderande LivOGLyst-prosjekt.
Lenke til påmelding:
LivOGLyst-konferansen i Bergen, 20. september kl. 09.30 – 15.00
LivOGLyst-konferansen på Skei i Jølster, 22. september kl. 09.30 – 15.00
Om LivOGLyst-programmet
LivOGLyst er eit program for lokalsamfunnsutvikling der lag og foreiningar kan søkje om å få støtte til å utvikle sine lokalsamfunn.
Programmet er eit samarbeid mellom den regionale partnarskapen Innovasjon Noreg, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune og har vore aktivt i Hordaland sidan 2008. I 2020 vart det utvida som ei satsing for Vestland fylke. Målet med programmet er å leggje til rette for bulyst, grunnlag for næringsutvikling og attraktive lokalsamfunn.
Søknadsfrist for LivOGLyst-deltaking er 25. oktober 2022. Les meir om programmet på www.vlfk.no/livoglyst og ta gjerne kontakt med underteikna for ytterlegare informasjon.
Venleg helsing
for LivOGLyst-arbeidsgruppa,
Ingeborg Sofie Sætrevik