Legevakt-ingress-foto-janett-svendsen (2)_450x331
Foto: Janett Svendsen

Frå og med onsdag 01.06.22 vil Sunnhordland interkommunale legevakt overta ansvar for
PCR-testing og telefonråd for kommunane Bømlo, Fitjar og Stord

Sjølvtestar for Covid-19 vil framleis vere tilgjengeleg for utlevering i Fitjar Rådhus. Det er ikkje naudsynt å registrera positiv hurtigtest på kommunen si nettside.

PCR-test for gyldig koronasertifikat treng du dersom du er:

  • uvaksinert
  • under 16 år
  • har 1 eller 2 dosar vaksine

Dersom du har 3 vaksinedosar, eller 2 dosar og i tillegg har hatt koronasjukdom siste 3 månader så treng du ikkje ta PCR-test.

Om du treng PCR-test så ta kontakt med legevakta på telefonnummer 116117, kl 08:00-15:00 kvardagar og du vil få vidare rettleiing og time til test om det er behov for det.

PCR-test eller hurtigtest for utanlandsreise vil etter 01.06.22 ha eit gebyr på kr 500,-.

Vaksinespørsmål skal framleis rettast til den enkelte kommune: Fitjar helsestasjon tlf. 480 48 730.

Du bør halde deg heime med nyoppståtte luftvegssymptom til forma di er god. Les meir om råd, og få vidare rettleiing på Helse Norge

Dersom helsetilstanden din vert forverra og du treng legehjelp, ta kontakt fastlege eller legevakt.