nødplakat

Det er framleis eigedomar i Fitjar kommune som ikkje har fått tildelt adresse, spesielt gjeld dette fritidseigedomar.  

Inntil vegadresse vert tildelt oppmodar me om å laga sin eigen "Nødplakat".  Dette er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa, som til dømes på hytta.  Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen.

Kartverket har utvikla nødplakaten i tett samarbeid med hovudredningssentralane og nødetatane. Det er Kartverket som har ansvaret for datagrunnlaget, stadnamna, karta og teknologien bak.

I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.

Kartverket si side finn du meir informasjon og vegleiing om kordan du kan lage dette.