Offentleg tilgjengelege dokument kan du søkje opp frå postlista, ved å trykke på PDF-ikonet til høgre for dokumenttittel i oversikta.   

Det er fulltekst visning av dokument som er journalført etter 10.04.2021. Innsyn i eldre dokument kan tingast gjennom innsynsløysninga 'Bestill innsyn'-knappen på dokumentet (trykk på dokumenttittel).

Innsyn i postlister frå 01.01.2022  

Innsyn i postlister t.o.m. 2021  

Innsyn i postlister til plan og utvikling frå 01.01.2022


Historisk arkiv - Dokumenter som er tilgjengelege via Interkommunalt arkiv si innsynløysing


Innsynsrett i offentlege dokument
Postlister/offentleg postjournal gir eit oversyn over post sendt til og frå kommunen. Den inneheld ikkje dokument i personalmapper, elevmapper, barnehagebarnmapper og fagsystem. 

Alle saksdokument, journalar og liknande register i kommunen er opne for innsyn dersom det ikkje er gjort unntak i lov eller i forskrift. Sjølv om eit dokument kan vere unnateke offentlegheit, skal kommunen likevel vurdera om dokumentet bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Dokumenta blir publisert på nettsida 3 dagar etter at dei er registrert/journalført.

Alle kan krevje innsyn
Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i: 

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ 
  • Dokumenter til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon 
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig råderett for saka dokument gjeld 

Aktuelle lover og lenkjer
Offentlegforskrifta 
Offentleglova
Rettleiar til offentleglova  
Arkivlova 

Kriteria til krav og sakshandsamingstid
Dersom ein krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning av saker av bestemt art.  Kommunen skal handsame krav om innsyn så raskt som mogleg. Det vil normalt bety same dag, eller innan 1-3 arbeidsdagar. 

Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen fekk kravet ditt, vert det rekna som eit avslag. 

Klagerett 
Den som har fått avslag på krav om innsyn, kan klage på avslaget til Statsforvaltaren.  Du har alltid klagerett over avslag på innsyn Klagefristen er tre veker frå avslaget er mottatt.

Eventuell klage skal sendast til Fitjar kommune, som handsamar klagen og vidaresender til Statsforvaltaren dersom vedtak om avslag vert oppretthaldt. 

Har du spørsmål om innsyn eller klage - send e-post til fitjar@fitjar.kommune.no