Kilde: Pixabay.
Kilde: Pixabay.

Bakgrunn for denne informasjonen:
Det pågår eit stort utbrot av fugleinfluensa i Finnmark. Ved sliker utbrot vil det vere ein risiko for at smitten breier seg. Førebels er det ikkje noko som tyder på utbrot hjå oss, men me vil vere føre var.

Kva skal ein gjere ved funn av sjuk eller daud fugl? 
Grunnregelen er å late fuglen ligge i fred, ikkje ta på den. Har du med hund, så hald den vekk frå fuglen. 

Dersom du finn daud fugl i hagen eller tettbygde strok, kan du grave den ned, eller samle den i dobbel bio-avfallspose og legge den i bio-dunken. Bruk hanskar.

Dersom det er fleire sjuke eller daude fuglar i eit område, skal Mattilsynet varslast. Sjå link til Mattilsynet: https://www.mattilsynet.no/dyr/dyresykdommer/fugleinfluensa/dode-eller-syke-fugler-og-andre-dyr

Smitterisiko?
Influensaen smittar lett mellom villfuglar via avføring eller sekret frå øvre luftvegar. Det er svært låg risiko for at smitten kan overførast til menneske, kattar eller hundar, men større risiko for smitte til tamfuglar.

Kva gjer kommunen? 
Fitjar kommune har beredskap på eit eventuelt utbrot i vårt område. Dersom antal daude fuglar vert så omfattande at ein mistenkjer eit utbrot av fugleinfluensa, vil kommunen iverksetje innsamling og destruksjon av fuglane. Personar som skal samle inn fugler må ha tilstrekkeleg smittebeskyttelse i form av verneklær, pustemaske, briller og hanskar. Fuglane vil verte lagra på en sikker måte frem til henting og destruksjon på forbrenningsanlegg.

Andre tiltak for å forhindre smitte
Unngå mating av fuglar i parker og ved innsjøar. Dette fører til at fuglane samlast på små områder og kan lettare spreie smitte seg imellom.