I veke 47 var administrasjonen i kommunen, saman med ordføraren, rundt på innspelsmøte i krinsane om ny plan for skule- og barnehagestruktur. Målet med desse møta var å få informera om dei ulike alternativa til struktur i grove trekk, samt fortelja om den vidare prosessen. Samstundes ville me ha munnlege innspel på om det finst alternative løysingar som ikkje allereie er vurderte. Det vart òg informert om innsending av innspel på fitjar@fitjar.kommune.no. Det er framleis mogleg å sende inn innspel fram til utgangen av denne veka.
Folkemøta hadde godt oppmøte og stort engasjement, spesielt i dei mindre krinsane. Ei presentasjon med dei ulike alternativa ligg ved denne saka.
Planen skal leggjast fram for kommunestyret den 18. desember 2024, før han vert sendt ut på høyring i seks veker. Under den ordinære høyringsrunden vil det sjølvsagt vere mogleg å kome med høyringsuttaler på dei alternativa som då vert presentert i planen.
Lenke til presentasjon som var vist på folkemøta i november.