Foto: Ola Jennersten / WWF-SWEDEN
Foto: Ola Jennersten / WWF-SWEDEN

Om du går i fjellet, kan du støte på hoggorm som soler seg langs sti og veg. Hoggorm er ein av tre slangearter me har i Noreg. Han er ein naturleg del av vår natur, og er freda etter norsk lov. Det er forbode å avlive ein hoggorm.

Kva gjer du om du møter på ein? 
Når du først møter på ein hoggorm, så hald avstand og la han vere i fred. Ikkje flytt han, men finn ein veg rundt med trygg avstand. Hoggorm bit i forsvar, og sannsynet for å bli biten er låg.