Besøksheim - å vere besøksheim

Beskrivelse

Å vere besøksheim vil seie at du tar imot eit barn eller ein ungdom i din eigen heim nokre dagar i månaden. Over ein periode på minimum eitt år får du besøk av eit gitt barn eller ein gitt ungdom med ekstra behov for omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du og heimen din skal vere ei positiv støtte for dette barnet eller denne ungdommen.

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak for:

  • barn og unge som treng å besøkje nokon andre vaksne utanfor sin eigen heim
  • familiar som treng avlasting frå særleg tyngande omsorgsoppgåver

Besøksheimen erstattar ikkje heimen til barnet, men er ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.

Du får besøk éi eller fleire helgar i månaden. I nokre tilfelle kan det vere behov for avlasting også på vekedagar eller i feriar.

Målgruppe

Både einslege, par og barnefamiliar kan bli besøksheim.

Vilkår

For å bli godkjend som besøksheim må du:

  • ha ein stabil livssituasjon og kunne binde deg for minst eitt år
  • ha overskot, tid og ein ekstra sengeplass
  • vere glad i barn og ha evna til å bli glad i andre sine barn
  • ikkje ha store helseutfordringar, livskriser, rusproblem eller psykiske problem
  • ha daglege rutinar som er føreseielege og trygge
  • leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna under godkjenning av besøksheim. Det blir ikkje stilt krav til utdanning.

Lover

Barnevernslova kap. 3 (Hjelpetiltak)

Barnevernslova § 12-11 (Krav om politiattest)

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester)

Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 (Politiattest)

Veiledning

I søknaden fortel du om deg sjølv og eventuelle andre som bur i lag med deg. Få fram kva som gjer din heim eigna som besøksheim, og fortel gjerne om interesser og aktivitetar. Skriv kor ofte og kor lenge du kan vere besøksheim, om du har ønskje om alder og kjønn for barnet og om du kan ta imot søsken eller barn med spesielle behov.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil kontakte deg for å avtale ein samtale og eit besøk heime hos deg. På bakgrunn av dette besøket vil det bli utarbeidd ein rapport som dannar grunnlag for ei eventuell godkjenning av besøksheimen. Ei godkjenning vil gjelde for det enkelte barnet som treng besøksheim.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Besøksheim, besøksfamilie, avlasting, avlastingsheim, barnevern, familievern, barn, ungdom, hjelpetiltak, funksjonshemming, vertsheim, vertsfamilie

DebugView   v2