Fastlege

Beskrivelse

Du har rett til ein fast allmennlege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for deg og prioritere deg framfor pasientar som ikkje står på lista til legen.

Du vel sjølv kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig plass på lista. Du kan velje ein lege i ein annan kommune enn der du bur. Dersom du ønskjer å bruke ein lege som står utanfor fastlegeordninga, må du betale ein høgare eigendel ved legebesøk.

Har du barn under 16 år, vel du òg fastlege for barnet ditt. Du treng ikkje velje same fastlege for barnet som du har valt for deg sjølv.

Du kan behalde fastlegen om du kjem på sjukeheim, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du oppheld deg der.

Målgruppe
  • Alle som har folkeregistrert adresse i Noreg
  • Asylsøkjarar som har D-nummer
  • NATO-personell som har D-nummer og deira familiemedlemmer
Lover
Veiledning

Du vel fastlege ved å:

  • logge deg inn på Min fastlege (krev pålogging), eller
  • ringe Fastlegetelefonen 800 HELSE (800 43 573)

Du kan byte fastlege to gonger per kalenderår. I tillegg kan du byte fastlege dersom fastlegen din sluttar eller reduserer pasienttalet.

Flyttar du til ein ny kommune og har meldt flytting til Folkeregisteret, får du brev med oversikt over kva for fastlegar som har ledig kapasitet i den nye kommunen. Du kan velje å byte til ein av desse, eller behalde fastlegen du har frå før.

Byte av fastlege gjeld frå den første dagen i månaden etter at det er registrert. Legejournalen din vil ikkje automatisk bli overført til den nye fastlegen. Du må sjølv kontakte den tidlegare fastlegen din for å få journalen overført. Den tidlegare fastlegen din kan ta betalt for slik overføring.

Klage
  • Er du misnøgd med fastlegen din, kan du bruke byteretten. Du har rett til å byte fastlege inntil to gonger per kalenderår.
  • Du kan ikkje klage på at du ikkje får den fastlegen du ønskjer, eller at du misser den fastlegen du hittil har hatt. Ønskjer du deg ein fastlege som har full liste, må du vente til legen har ledig plass.
  • Får du ikkje fastlege i kommunen du bur i, kan du klage til kommunelegen.
  • Er du misnøgd med arbeidet til fastlegen, kan du klage til Statsforvaltaren.
Los-ord
Legeteneste, legeerklæring, legetime, legevakt, legeattest, doktor, familiedoktor, familielege

DebugView   v2