Jegerprøve og opplæringsjakt

Beskrivelse

Dersom du vil jakte, må du først ta jegerprøven. Dette er fordi jakt og fangst krev kunnskap om kva du kan jakte på, skytevåpen og fangstreiskap, human jakt og regelverk.

Frå det kalenderåret du fyller 14 år og fram til fylte 16 år, kan du delta i opplæringsjakt med våpen på småvilt og i fangst av villmink, mår, rype og kråkefugl, utan å ha tatt jegerprøven.

Frå det kalenderåret du fyller 16 år og fram til fylte 18 år, kan du delta i opplæringsjakt på storvilt. Dette krev at du har bestått jegerprøven og skyteprøven for storviltjegerar.

Jegerprøven består av eit obligatorisk kurs på 30 timar og ein nettbasert eksamen. Eksamen består av 50 oppgåver, og du får 50 minutt til å svare.

Du kan ta eksamen frå det kalenderåret du fyller 14 år.

Målgruppe

Personar som er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive med jakt.

Vilkår

Er du under 18 år, må du ha samtykke frå foreldre eller føresette for å drive opplæringsjakt, sjå eksempel på samtykke frå Miljødirektoratet.
Jakta må gå føre seg under forsvarleg tilsyn av ein person som har fylt 20 år.

Tilsynspersonen må ha drive med jakt, betalt jegeravgift i minst tre år og ha høve til å kontrollere og instruere deg når du er under opplæring. Tilsynspersonen må òg ha løyve frå grunneigaren.

Lover
Veiledning

Desse fem studieforbunda gjennomfører det obligatoriske jegerprøvekurset:

I tillegg har skoleverket og Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter lov til å arrangere det obligatoriske kurset for høvesvis elevar og soldatar.

Du kan òg kontakte kommunen eller lokallaget til Noregs jeger- og fiskarforbund viss du har spørsmål om jegerprøven.

Jegerprøveeksamen er ein nettbasert prøve som kommunen har ansvaret for å gjennomføre. Du kan lese meir om denne på jegerproveeksamen.no.

Vanlegvis ordnar kursarrangøren med oppmelding til eksamen for alle som har gjennomført kurset. Viss ikkje, må du ta kontakt med kommunen for å melde deg opp til eksamen.

Saksbehandling

Kommunen skriv ut bevis for avlagd jegerprøve når du har fullført obligatorisk kurs og bestått eksamen.

Klage

Du kan ikkje klage, men du kan ta eksamen på nytt dersom du ikkje består. Du må betale nytt gebyr for å ta ny eksamen.

Los-ord
Jakt og fangst, jakt, fangst, fellingstillating, fellingsløyve, søkshund, sporhund, jegeravgift, jegerregisteret, opplæringsjakt, småviltjakt, snarefangst, storviltjakt, vald, våpen

DebugView   v2