Permisjon frå grunnskolen

Beskrivelse

Treng du fri frå skolen for å reise på ferie, delta på idretts- eller kulturarrangement, feire ei religiøs høgtid eller liknande, må du søkje skolen om permisjon. Skolen kan gi deg permisjon i inntil to veker.

Opplæringslova beskriv to permisjonstilfelle:

  1. Når det er forsvarleg, kan ein elev få permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker. Du har altså ikkje krav på permisjon. Det er skolen som avgjer om permisjonen er forsvarleg. 
  2. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkja, har rett til permisjon på heilagdagane til trussamfunnet når foreldra sørgjer for nødvendig opplæring i permisjonstida. Er du omfatta av dette, har du rett til permisjon så lenge du får opplæring i permisjonstida av foreldra dine.
Målgruppe
  • Elevar i grunnskolen
  • Føresette til elevar i grunnskolen
Vilkår

Har du rett til permisjon fordi trussamfunnet du høyrer til har heilagdag, må foreldra dine gi deg nødvendig undervisning i permisjonstida slik at du kan følgje med i den vanlege undervisninga når du kjem tilbake på skolen.

For permisjonar som ikkje gjeld religiøs heilagdag, er det ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er likevel ein fordel om foreldra og skolen avtaler og lagar ein plan for slik opplæring.

Skolen kan ikkje gi permisjon for meir enn to veker om gongen. Treng du lengre permisjon enn to veker, vil du misse retten til skoleplass og bli skriven ut av skolen. Foreldra dine bør gjere ein avtale med skolen om at dei tar på seg opplæringsansvaret. Du må skrivast inn på skolen igjen når du kjem tilbake frå permisjon, og kan då risikere å måtte byte til ein annan skole med ledig plass.

Lover

Opplæringslova § 2-11 (Permisjon frå den pliktige opplæringa)

Veiledning

Du kan kontakte skolen for å få rettleiing om og hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid slik at skolen rekk å behandle søknaden din. Søknader blir behandla fortløpande gjennom skoleåret.

Saksbehandling

Skolen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysning om når det kan ventast at vedtaket vil bli fatta.

Skolen vurderer om du har god nok grunn til å få permisjon, og om permisjonen er forsvarleg. Meiner skolen at permisjonen vil verke negativt på den faglege utviklinga di, kan du få kortare permisjon enn du søkte om eller bli nekta permisjon.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda skolen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til skolen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Skolen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
grunnskole, barn, skole, permisjon, undervisning, opplæring, fritak, elev, fri, høgtid, feriereise

DebugView   v2