Musikk og kulturskule

Beskrivelse

Musikk- og kulturskolen er eit kurstilbod til barn og ungdom innanfor musikk, dans, teater, biletkunst, skrivekunst, kulturminnevern og husflid. Opplæringa skjer utanom skoletida.

Musikk- og kulturskolen er eigd og driven av kommunen, som bestemmer innhaldet og omfanget av tilbodet.

Tilbodet kan vere kortare, tidsavgrensa kurs eller opplæring som går over fleire år.

Målgruppe
  • Barn i barnehage
  • Elevar i grunnskole og vidaregåande skole
Lover

Opplæringslova § 13-6 (Musikk- og kulturskoletilbod)

Veiledning

Du søkjer direkte til musikk- og kulturskolen. Hovudopptaket skjer éin gong i året, men du kan også søkje om kursplass gjennom heile året. På grunn av stor pågang, kan du oppleve å bli sett på venteliste. Dersom det blir ledige plassar i løpet av året, vil musikk- og kulturskolen ta kontakt med deg.

Du beheld plassen til du seier opp skriftleg. Kommunen kan ha eigne fristar for oppseiing. Kortare kurs er avsluttande, og du må søkje på nytt dersom du ønskjer å delta på anna opplæring.

Saksbehandling

Du får ei stadfesting når søknaden er tatt imot. Rektor ved musikk- og kulturskolen er ansvarleg for opptaket. Elevar som ikkje får tildelt plass ved semesterstart, blir sette på venteliste og treng ikkje å søkje på nytt inneverande skoleår.

Los-ord
Kultur, musikk, skole, kulturskole, musikkskole, fritid, barn, ungdom, instrument, spele, dans, male, teikne, song, teater, film, ballett, kor, korps, leikarring, verkstad, orkester, revy, rock, drama

DebugView   v2