Tryggleiksalarm

Beskrivelse

Bur du åleine og treng hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Tryggleiksalarmen er ein liten radiosendar med ein alarmknapp som du kan bere i eit kjede rundt halsen.

Du kan utløyse alarmen dersom du dett, blir sjuk eller treng akutt hjelp. Alarmen blir registrert av ein vaktsentral som sender hjelp heim til deg uansett når på døgnet du treng det.

Målgruppe

Du kan søkje om tryggleiksalarm dersom du:

  • er eldre og har nedsett helse
  • er kronisk sjuk eller har funksjonsnedsetjingar
  • bur åleine og føler deg utrygg
Vilkår

Når kommunen vurderer søknaden din, vil dei sjå på om det ligg føre:

  • sjukdom eller forhold som kan gi akutt behov for hjelp
  • reell fare for fall
  • problem knytte til manglande tryggleik og uro

Kommunen vil òg vurdere om t.d. mobiltelefon eller trådlaus telefon kan gi same hjelp og tryggleik.

Lover

Du har ingen lovfesta rett til å få tryggleiksalarm. Kommunen vil vurdere om tryggleiksalarm er aktuelt for deg.

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

I søknaden skal du beskrive kvifor du treng tryggleiksalarm.

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan få ein annan til å søkje på dine vegner. Dersom andre søkjer på vegner av deg, må dei ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
tryggleiksalarm, vaktsentral, alarm, eldre, gammal, funksjonshemma, handikap, handikapp, handicap, tryggleik, utrygg, trygg, hjelp, redd, åleine

DebugView   v2