Sjukeheim – langtidsopphald

Beskrivelse

Viss du ikkje får dekt det daglege behovet ditt for pleie og omsorg heime, kan du søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Ved langtidsopphald får du permanent heildøgnsplass på sjukeheimen.

Som langtidsbuar på ein sjukeheim får du tatt i vare behova dine for pleie, medisinsk oppfølging og behandling. Du får også tilbod om aktivitetar tilpassa deg.

Målgruppe

Personar som ikkje får dekt det daglege behovet sitt for pleie og omsorg heime.

Vilkår

Du kan få tildelt langtidsopphald på sjukeheim når:

  • andre, alternative tenester er vurderte eller prøvde ut, 
  • du er varig ute av stand til å ta vare på deg sjølv, og
  • du ikkje lenger meistrar daglege gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap
Lover

Forskrift for sjukeheimar mv.

Forskrift om kontantytingar frå folketrygda

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 a (Kommunen sitt ansvar for tilbod om opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns tenester)

Helse- og omsorgstenestelova § 11-2 (Vederlag for helse- og omsorgsteneste)

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1e (Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns tenester)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7

Veiledning

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om langtidsopphald ved sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Det er som regel fleire søkjarar til langtidsopphald enn det er ledige sjukeheimsplassar, og kommunen må derfor prioritere søkjarar med størst behov. Er det ikkje lenger forsvarleg at du bur heime, sjølv med nødvendig hjelp, skal du få tildelt plass. Kan du bu heime mens du ventar på plass, vil du få eit vedtak om at du har rett til plass, men blir sett på venteliste til ein ledig plass er tilgjengeleg. Kommunen har fastsett eiga forskrift om kriterium for tildeling av plass og oppfølging av pasientar på venteliste.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til sjukeheimen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
sjukeheim, langtidsopphald, langtidsplass, sjukeheimsplass, heildøgnsplass, avlasting, opphald, rehabilitering, omsorg, habilitering, kvile, rekreasjon, pleie, aldersheim, pleieheim, institusjon, sjukdom, omsorgstrengande, pleietrengande, pleiemottakar, omsorgsmottakar, demens, funksjonsnedsetting

DebugView   v2