Følgjekort for person med nedsett funksjonsevne

Beskrivelse

Har du nedsett funksjonsevne og treng ein som deltar på aktivitetar saman med deg, kan du søkje om eit følgjekort frå kommunen. Følgjekortet gjer at den som følgjer deg kan få:

  • reise for halv pris når du treng ein som hjelper deg på reisa
  • gratis eller redusert pris på inngangsbillett til ulike arrangement og aktivitetar
  • gratis overnatting eller til redusert pris på enkelte hotell

Du må sjølv betale gjeldande pris.

Følgjekortet er eit kort med namnet og adressa di og eit bilete av deg. Du viser fram kortet når du bestiller eller betaler og ved ein eventuell billettkontroll.

Denne logoen finn du på stader der dei godtar følgjekort:


Logo som brukast der medfølgjarbevis aksepterast


 

Målgruppe

Følgjekort kan vere aktuelt for deg med:

  • rørslehemming
  • høyrselshemming
  • synshemming
  • psykisk utviklingshemming
  • skjult funksjonshemming som f.eks. hjarte-/lungesjukdommar eller alvorlege psykiske lidingar
  • allergiar
Vilkår

Kommunen vurderer ikkje økonomien din når dei behandlar søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om du får trygdeytingar.

Lover

Tenesta er ikkje lovpålagd, og ordninga er ikkje innførd i alle kommunar.

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjekort.

I søknaden skal du beskrive kvifor du treng følgje. Få òg med om du har behov for hjelpemiddel som f.eks. rullestol.  Du bør òg leggje ved ei fråsegn frå legen din eller nokon i helsevesenet som kjenner behovet ditt.

Du må leggje ved eit passbilete av deg sjølv. Bildet må vere i passbildestørrelse, tydeleg og i farge.

Saksbehandling

Kommunen kan hente inn informasjon om behovet ditt for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen.

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
funksjonhemma, medhjelpar, bevis, stønad, teneste, søknad

DebugView   v2