Sjukeheim – korttidsopphald

Beskrivelse

Viss du treng opptrening etter sjukdom eller skade, eller nærare utgreiing av sjukdoms- eller skadeomfang, kan du søkje om korttidsopphald på sjukeheim.

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald på sjukeheim. Du kan få tilbod om:

  • døgnopphald (opphald dag og natt) 
  • dagopphald (opphald utan overnatting)
  • nattopphald (opphald med overnatting, men du er heime på dagtid)
Målgruppe

Personar som har behov for helsefagleg hjelp for ein periode i form av:

  • rehabilitering og opptrening for å få tilbake funksjonsevne, 
  • habilitering og opptrening av funksjonar ein ikkje har hatt tidlegare, eller
  • medisinsk utgreiing etter sjukdom eller skade
Vilkår

Du kan ikkje få dekt behovet ditt for rehabilitering, habilitering eller utgreiing etter sjukdom eller skade ved å bu heime.

Lover

Forskrift for sjukeheimar mv.

Forskrift om kontantytingar frå folketrygda

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 a (Kommunen sitt ansvar for tilbod om opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns tenester)

Helse- og omsorgstenestelova § 11-2 (Vederlag for helse- og omsorgsteneste)

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1e (Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagd for heildøgns tenester)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om korttidsopphald ved sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Godkjenner kommunen korttidsopphald på sjukeheim, får du ei skriftleg avgjerd om lengde og korleis opphaldet blir organisert.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til sjukeheimen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
sjukeheim, korttidsopphald, korttidsplass, sjukeheimsplass, heildøgnsplass, avlasting, opphald, rehabilitering, omsorg, avgrensa, døgn, dagopphald, dagpasient, nattopphald, habilitering, pleie, aldersheim, pleieheim, institusjon, sjukdom, skade, ulykke, opptrening, utgreiing, kvile, rekreasjon, omsorgstrengande, pleietrengande, pleiemottakar, omsorgsmottakar, tidsavgrensa, funksjonsnedsetting

DebugView   v2