Spelemidlar til idretts-, frilufts- og nærmiljøanlegg

Beskrivelse

Har organisasjonen din planar om å byggje eller rehabilitere eit anlegg for idrett og fysisk aktivitet, kan du søkje om tilskot i form av spelemidlar.

Spelemidlar er overskot frå pengespela til Norsk Tipping AS. Målet med tilskotet er å skape høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kulturdepartementet fastset reglane for korleis overskotet skal fordelast, medan kommunen tar imot og behandlar søknadene.

Du kan søkje tilskot til:

  • nybygg av idretts-, frilufts- eller nærmiljøanlegg 
  • rehabilitering av idretts-, frilufts- eller nærmiljøanlegg
Målgruppe

Du kan søkje tilskot til idrettsanlegg dersom du er:

  • idrettslag eller del av idrettslag tilknytt Norges idrettsforbund eller Samenes Idrettsforbund,
  • studentsamskipnad
  • samanslutning organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Den Norske Turistforeningen, Norges Bilsportforbund eller Det frivillige Skyttervesen, eller
  • kommune eller fylkeskommune

Du kan søkje tilskot til nærmiljøanlegg dersom du er:

  • burettslag
  • velforeining

Du kan søkje tilskot til friluftsanlegg dersom du er:

  • samanslutning organisert under Friluftsrådenes Landsforbund, Oslofjordens Friluftsråd eller Norsk Friluftsliv

Du kan søkje tilskot til anlegg for reinkappkøyring og lassokasting dersom du er:

  • samanslutning organisert under Samisk Reinkappkjørerforbund, eller
  • representant for Samisk Reinkappkjørerforbund
Vilkår

Du må oppfylle nokre sentrale vilkår som går fram av Anleggsregisteret.no, mellom anna:

  • Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.
  • Anlegget må halde ope for allmenn bruk i 30 år etter ferdigstilling.
  • Eit eventuelt overskot skal brukast til idrettslege føremål.
  • Organisasjonen din må gi innspel til kommunens og fylkeskommunens planar for idrett og fysisk aktivitet.

Dersom du representerer aksjeselskap, stifting, samvirkeføretak, kommunalt føretak eller liknande, må du først søkje Kulturdepartementet om førehandsgodkjenning av vedtektene dine før du kan søkje om tilskot.

Lover

Pengespellova § 10, andre ledd (Overskotet frå speleverksemda)

Veiledning

Du søkjer elektronisk på fastsett skjema. Søknaden skal innehalde ei beskriving av det planlagde byggjearbeidet, dato for oppstart, totalkostnad og finansieringsplan. Desse vedlegga skal følgje søknaden:

  • førehandsgodkjende planar med behovsoppgåve for anlegget
  • detaljert kostnadsoverslag
  • dokumentasjon på dei ulike delane av finansieringsplanen
  • plan for drift av anlegget
  • kopi av bekrefta grunnbokutskrift eller kopi av tinglyst feste-/leigeavtale
Søknadsfrist

1. oktober

Saksbehandling

Søknaden blir først sendt kommunen for behandling og eventuelt godkjenning av kostnadsoverslaget. Søknader får ei prioritering i samsvar med kommunens plan for idrett og fysisk aktivitet. Deretter blir søknadane sende over til fylkeskommunen for vidare saksbehandling og anbefaling. Kulturdepartementet får deretter sendt over alle søknadar. Departementet utbetaler tilskotsbeløp til fylkeskommunen, som deretter overfører tildelte spelemidlar til kommunen. Kommunen sørgjer for utbetaling (delutbetaling og sluttutbetaling) til tilskotsmottakarane.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen eller fylkeskommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen eller fylkeskommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, blir klagen send vidare til Kulturdepartementet.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
idrettsanlegg, midlar, idrett, idrettsbane, friidrettsbane, friidrettsanlegg, skøytebane, skøytehall, ishall, skianlegg, lysløype, fotballbane, kunstgrasbane, kunstgras, basketballbane, skiløype, turløype, idrettshall, fleirbrukshall, gymnastikksal, turnhall, friluft, anlegg, fysisk, aktivitet, aktivitetsanlegg, hinderløype, trening, treningsanlegg, tursti, natursti, kultursti, nærmiljø, lekeplass, klatrestativ, klatrevegg, klatrepark, ballbinge, symjehall, basseng, symjebasseng, stupetårn, skaterampe, halfpipe, skibakke, hoppbakke, slalombakke, slalåmbakke, alpinanlegg, skiheis, sykkelsti, sykkelløype, velodrom, skytebane, rideanlegg

DebugView   v2