Barnehageplass

Beskrivelse

Du har rett til barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast 31. august det året du søkjer. Fyller barnet eitt år i september, oktober eller november det året du søkjer, har du rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller eitt år. Du må søkje før fristen for hovudopptaket er gått ut.

Barnehagen skal i samarbeid med heimen ta i vare barnet sitt behov for omsorg og leik. Han skal fremje læring og danning som gir grunnlag for allsidig utvikling.

Barnehagen skal ta omsyn til:

  • Alder 
  • Funksjonsnivå 
  • Kjønn 
  • Sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
Målgruppe

Barn 0 til 6 år som bur i eller flyttar til kommunen.

Vilkår

Retten til barnehageplass gjeld berre for barnehagar i kommunen der dere er busett.

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsett funksjonsevne.
  • Barn som barnevernstenesta har tatt over omsorga for. 
  • Barn som har behov for hjelpetiltak frå barnevernstenesta.

I tillegg kan barnehagane ha eigne opptakskriterium.

Lover

Barnehagelova og forskriftene sikrar eit likeverdig opptak mellom kommunal og privat barnehage. Prioritet ved opptak har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter barnevernslova §§ 5-1 og 3-4, og etter barnehagelova § 13, har prioritet ved opptak.

Barnevernslova

Barnehagelova

Forskrift om foreldrebetaling i barnehager

Forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver

Forskrift om saksbehandling ved barnehageopptak

Veiledning

Kommunen legg til rette for ein samordna opptaksprosess for å sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass må fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer for.

Har barnet ditt rett til prioritet, må fråsegn frå sakkunnig instans leggjast ved søknaden.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. mars kvart år.

Saksbehandling

Tildeling av plass skjer i samsvar med dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ved det årlege hovudopptaket får du skriftleg varsel om, og i kva for ein barnehage, du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt førsteønskjet, har du rett til å bli sett på venteliste ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret får søkjarar frå ventelista plass først. Tildeling skal skje skriftleg. Blant søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som blir informerte om at andre har fått tilbod om plassen.

Klage

Ved hovudopptaket kan du klage på avslag på søknad om barnehageplass. Får du verken første- eller andreønskjet ditt oppfylt, kan du òg klage og be om ei skriftleg grunngiving. Ved supplerande opptak kan du berre klage dersom du har rett til prioritert plass. Klagefristen er normalt tre veker frå du tok imot svar på søknaden. Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet.

Er kommunen samd i at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønskte plassen, skal barnet få tilbod om første ledige plass etter at barn med høgare prioritet har fått tilbod om plass. Er kommunen usamd i klagen, går saka vidare til klagenemnda i kommunen.

Er du misnøgd med barnehagetilbodet, kan du ta dette opp med barnehagen. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.

Los-ord
Barn, barnehage, barnehageplass, barnepass, etablering av barnehage, barnepark

DebugView   v2