Spesialundervisning i grunnskolen

Beskrivelse

Har du eit barn som strevar med å følgje den vanlege undervisninga i grunnskolen? Eller er du uroleg for at barnet ikkje får tilfredsstillande utbyte av skolegangen? Då bør du kontakte skolen for å undersøkje om barnet ditt kan ha rett til spesialundervisning.

Læraren kan også oppleve at barnet strevar og vil då snakke med deg om behov for tilrettelegging med enkle tiltak eller spesialundervisning.

For å få spesialundervisning må først behova til barnet kartleggjast. Det er PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) i kommunen som gjer kartlegginga og gir ei fagleg vurdering av om barnet treng spesialundervisning.

Spesialundervisninga skal vere tilpassa behova til eleven og kan f.eks. innebere at:

  • eleven jobbar etter andre læringsmål enn dei andre elevane
  • ein eigen lærar eller assistent følgjer opp eleven i klassen (enkelttimar eller heile skoledagen)
  • eleven brukar tilpassa utstyr eller eigne lærebøker

Elevar med spesialundervisning skal ha same timetal som dei andre elevane på trinnet.

Skolen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven som inneheld:

  • målet for opplæringa
  • innhaldet i opplæringa
  • korleis læringa skal organiserast

Skolen skal éin gong i året utarbeide ein rapport som oppsummerer opplæringa som er gjennomført, og gi ei vurdering av utviklinga til eleven.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen som ikkje får tilfredsstillande utbyte av den vanlege undervisninga.

Elevar over 15 år kan sjølve be om å bli vurderte for spesialundervisning.

Lover

Opplæringslova kap. 5 (Spesialundervisning)

Veiledning

 Ta kontakt med læraren dersom barnet ditt strevar på skolen, og fortel om utfordringane barnet opplever.

Saksbehandling

Etter at du har tatt kontakt, vil læraren informere rektor. Skolen vil vurdere behova til barnet og om tilrettelegging i form av enkle tiltak kan hjelpe. Skolen kan også, med ditt samtykke, sende tilvising til PP-tenesta for ei fagleg vurdering.

PP-tenesta gjer ei kartlegging for å danne seg eit fullstendig bilete av føresetnadene og behova til barnet. Dette skjer gjennom samtale, observasjon og testing, enten på skolen eller i lokala til PP-tenesta. Deretter gir PP-tenesta si faglege vurdering, som dannar grunnlag for avgjerda om spesialundervisning. Vurderinga og tilrådinga frå PP-tenesta blir send til skolen.

Skolen avgjer om barnet har rett til spesialundervisning på bakgrunn av tilrådinga til PP-tenesta. Du har rett til å uttale deg før rektor tar den endelege avgjerda, og rektor skal leggje stor vekt på dine synspunkt.  Du vil få avgjerda til rektor send til deg, enten eleven får innvilga spesialundervisning eller får avslag.

Fasar i saksgangen (Utdanningsdirektoratet)

Klage

Er du misnøgd med avgjerda rektor har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen direkte til skolen. Rektor vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Har eleven ikkje fått nødvendig hjelp eller er de misnøgde med korleis spesialundervisninga blir utført, kan du klage. Forklar kva de er misnøgde med og kva for endringar de ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til skolen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane til eleven er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
grunnskole, barneskole, ungdomsskole, pedagogisk-psykologisk teneste, PP-teneste, PPT, undervisning, skole, elev, læring, tilrettelagt, tilpassa, opplæring, spesialpedagog, lærevanskar, lesevanskar, logoped, audiopedagog, teiknspråk, punktskrift, blindeskrift, braille, døv, høyrslehemma, høyrsleskada, blind, svaksynt, ordblind, umoden, funksjonshemma, funksjonsnedsetting, handicap, ADHD, ADD, ASD, autisme, autist, Aspergers syndrom

DebugView   v2