Løyve for sal av alkoholhaldig drikke (salgløyve)

Beskrivelse

Driv du butikk og skal selje alkoholhaldig drikk til forbrukar, må du søkje kommunen om salsløyve. Salsløyvet gjeld alkoholhaldig drikke i gruppe 1, dvs. drikke som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Du får ikkje løyve dersom du driv kiosk eller bensinstasjon. Politiet kan stenge ein stad som sel alkoholhaldig drikke utan å ha løyve.

Kommunen kan gi salsløyve for inntil fire år, men kan også bestemme at alle eller enkelte løyve kan vidareførast i inntil fire nye år utan å krevje ny søknad.

Når løyveperioden går ut, må du søkje om fornying. Du kan også søkje løyve for ein bestemt del av året eller for eitt enkelt høve.

Du pliktar å melde frå til kommunen dersom det skjer endringar i løyveperioden, som for eksempel:

  • skifte av styrar og avløysar
  • endring av driftskonseptet
  • endring i eigarforholdet

Kommunen godkjenner endringane, eller krev at du søkjer om nytt salsløyve.

Blir verksemda overdregen til andre, fell løyvet bort. Salet kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader, under føresetnad av at kommunen har fått melding om overdraginga. Søknad om nytt løyve må sendast så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Du kan òg søkje om utvida løyve for:

  • import av alkoholhaldig drikke til sal i eigen butikk
  • tilverking av alkoholhaldig drikke til sal i eigen butikk
Målgruppe

  • Verksemder eller enkeltpersonføretak som skal drive sal av alkoholhaldig drikke med høgst 4,7 % alkohol.
  • Gardsutsal som skal selje eigaprodusert drikke (berre einskilde sortar drikke er tillatne) med inntil 22 % alkohol.

Vilkår

Løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad (t.d. medeigarar) på verksemda må ha:

  • uklanderleg vandel i forhold til alkohollova og andre lover som har samanheng med formålet til alkohollova
  • uklanderleg vandel i forhold til skatte-, avgifts- og rekneskapslovene

Du må peike ut ein styrar og avløysar for salsstaden. Desse personane må ha:

  • fylt 20 år
  • uklanderleg vandel i forhold til alkohollova og andre lover som har samanheng med formålet til alkohollova
  • bestått kunnskapsprøva for alkohollova
Lover
Veiledning

Du må sende søknad til kommunen. Som vedlegg til søknaden må du sende:

  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve i alkohollova for styrar og avløysar
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Skatteattest for søkjaren og andre med vesentleg innverknad på verksemda

Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg, og du må rekne med ei saksbehandlingstid på ca. tre månader.

Kommunen innhentar fråsegner frå politiet, NAV og skatte- og avgiftsstyresmaktene.

Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.

Kommunen skal kontrollere salsstaden minst éin gong i året. Kontrollen kan gjennomførast ope eller anonymt. Seinast éi veke etterpå vil du få ein rapport. Dersom kontrollen avdekka at du ikkje oppfyller pliktene dine etter lova, kan du bli belasta med éin eller fleire prikkar. Ved tolv eller fleire prikkar i løpet av ein periode på to år, vil salsløyvet bli inndratt i minimum éi veke.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
alkoholsal, bedrift, firma, butikk, forretning, alkohol, sal, dagleg leiar, styrar, avløysar, drift, planlegging, kunnskapsprøven, vandel, løyve, verksemd, øl, økonomi, utlevering, alkohollova

DebugView   v2