Graveløyve og varsling om arbeid på kommunal veg eller grunn

Beskrivelse

Skal du grave eller utføre arbeid i kommunal veg eller på annan kommunal grunn, må du søkje kommunen om løyve. Du må også utarbeide ein arbeidsvarslingsplan som du sender kommunen for godkjenning. Dette kan du gjere etter at søknaden er godkjent, eller du kan sende både søknad og arbeidsvarslingsplan samtidig.

Følgjande arbeid på kommunal veg og grunn treng løyve frå kommunen: 

  • graving
  • fjerning av massar (gravemasse, hogst, sprengmasse eller liknande) 
  • plassering av massar (tømmer, stein, byggjemateriale eller liknande) 
  • etablering eller flytting av leidningsanlegg av alle slag 
  • oppsetting av mindre byggverk, for eksempel laus kiosk eller mur

Det er nok å levere ein arbeidsvarslingsplan eller riggplan til kommunen når du skal:

  • utføre arbeid som berre medfører bruk av utstyr og innretningar
  • plassere container, utstyr, stillas eller liknande

Ved graving og arbeid på riks- eller fylkesveg må du søkje Statens vegvesen om løyve.

Målgruppe

Entreprenørar og privatpersonar som skal grave eller utføre arbeid på kommunal veg eller grunn.

Vilkår

Arbeidet må ikkje:

  • påføre den kommunale grunnen varige skadar eller andre ulemper
  • medføre fare eller ulempe for trafikantane
Lover

Veglova § 1 (Definisjon på offentleg veg)

Veglova § 30 (Reglar for plassering av større innretningar langs veg)

Veglova § 32 (Føring av leidningar langs offentleg veg)

Veglova § 57 (Forbod mot å skade offentleg veg)

Veglova kap. VII (Private vegar)

Forskrift om leidningar i offentleg veg (For legging og flytting av leidning)

Veiledning

Du må sende søknad om grave-/arbeidsløyve og arbeidsvarslingsplan til kommunen i god tid før arbeidet skal starte.

Søknaden skal innehalde:

  • kart som viser nøyaktig kvar arbeidet skal gå føre seg
  • Beskriving av omfanget av arbeidet
  • Løyve frå grunneigar dersom arbeidet skal gå føre seg på privat grunn

Kommunen kan be om tilleggsinformasjon avhengig av kva slags arbeid du søkjer løyve til. Ta kontakt med kommunen for å få oversikt over kva du bør sende inn saman med søknaden.

Skal du grave over ei lengre strekning, må du søkje om graveløyve for kvart gatekvartal. Skal gravinga utførast punktvis (enkeltgravingar), må du ha graveløyve for kvart enkelt punkt.

Arbeidsvarslingsplanen skal:

  • sikre arbeidarar og trafikantar
  • sørgje for at trafikken forbi arbeidsstaden gir minst mogeleg forseinking og ulempe for trafikantane

Når du utarbeider arbeidsvarslingsplanen, må du gjennomføre ei risikovurdering for å avdekkje ev. faremoment i trafikken forbi arbeidsområdet.

Kommunen kan hjelpe til med å utarbeide arbeidsvarslingsplanen.

Så snart arbeidet er utført, må du sende ferdigmelding til kommunen.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Saksbehandlingstida kan variere avhengig av kva slags arbeid du søkjer løyve til. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Gravemelding, graveløyve, grave, graving, offentleg, grunn, veg, fortau, gate, trafikk, areal, grøntareal, snuplass, vendeplass, gangveg, gangsti, sykkelveg, sykkelsti, opplagsplass, haldeplass, snuplass, bru, parkeringsplass, skolegard, skulegard, oppstillingsplass, torg, plass, park, parkanlegg, uterom, friareal, hogst, tre, tømmer, sprenge, sprenging, sprengmasse, bygningsmasse, materiale, byggje, bygging, anlegg, kabel, kabling, kabelnett, avløp, leidning, leidningnett, leidningsnett, vassrør, avløpsrør, løypestrengar, mur, støttemur, arbeidsvarsling, trafikant, trafikantar, kollektivtrafikk, skoleveg

DebugView   v2