Midlertidig bustadtilbod (nødbustad)

Beskrivelse

Har du ingen stad å sove og opphalde deg det neste døgnet? NAV-kontoret i kommunen kan skaffe deg eit midlertidig bustadtilbod i ein nødssituasjon, som for eksempel ved utkasting, brann eller samlivsbrot.

Det midlertidige bustadtilbodet skal hjelpe deg ein kort periode når du har akutt behov for ein stad å bu, og bør ikkje vare meir enn tre månader. Har du ikkje sjølv greidd å skaffe annan bustad etter dette, skal NAV setje i gang tiltak for å sikre deg eit varig butilbod.

Du kan få bu på eit pensjonat, hospits eller eit anna eigna husvære. NAV har ansvar for at det midlertidige butilbodet held ein forsvarleg standard. Krava til standard er strengare dersom det er barnefamiliar eller ungdom som skal bu der.

Målgruppe

Alle som er i akutt bustadnød og som ikkje sjølve klarer å skaffe ein opphaldsstad.

Treng du ein stad å bu fordi du er skriven ut frå institusjon eller lauslaten frå fengsel, skal NAV prøve å skaffe deg eit varig butilbod først.

Vilkår

Du har krav på eit midlertidig butilbod når du ikkje har nokon stad å sove og opphalde deg det neste døgnet. Kvifor du har akutt behov for eit butilbod har ingenting å seie. NAV krev heller ikkje at du har prøvd å finne eit butilbod på eiga hand først.

Lover

Lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet (Kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet)

Sosialtenestelova § 27 (Midlertidig butilbod)

Rundskriv til sosialtenestelova (Midlertidig butilbod)

Veiledning

Ta kontakt med NAV-kontoret i kommunen for å søkje om midlertidig butilbod. I søknaden treng du berre å beskrive situasjonen du er i og kvifor du har behov for midlertidig bustad.

Saksbehandling

NAV skal behandle ein søknad om midlertidig butilbod same dag som dei får han. Godkjenner kommunen søknaden din, får du ei skriftleg avgjerd med informasjon om bustad og lengde på opphaldet.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda NAV har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. NAV-kontoret kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen direkte til NAV-kontoret i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender NAV klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Hospits, pensjonat, herberge, varmestove, sengeplass, soveplass, bustadtilbod, butilbod, bustadmangel, bustadnaud, bustadnød, overnatting, utkasting, opphaldsstad, opphaldsrom

DebugView   v2