Innsynsrett – personopplysningar

Beskrivelse

Du har rett til å gjere deg kjend med personopplysningane dine som er registrerte hos kommunen. Ei personopplysning er ei opplysning som kan knytast til deg som person, til dømes namn, alder, personnummer, økonomi og helseopplysningar. Bilete der du kan kjennast igjen er også ei personopplysning, sjølv om namnet ditt ikkje står ved biletet.

Kommunen kan berre registrere opplysningar om deg når du har samtykt, det er fastsett i lov eller det er nødvendig for at kommunen:

  • skal oppfylle ein avtale med deg
  • skal utøve offentleg myndigheit og oppfylle dei rettslege pliktene sine
  • skal ta i vare dine livsnødvendige behov
  • skal utføre oppgåver av allmenn interesse
  • eller ein tredjepart skal ta i vare ei interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet ditt

Du har rett til å få vite:

  • kva for opplysningar som er lagra om deg og kor dei er henta frå
  • kva informasjonen skal brukast til 
  • kor lenge kommunen lagrar opplysningane
  • kven som har eller har hatt tilgang til opplysningane

Du kan krevje at opplysningar blir retta dersom dei inneheld feil, er mangelfulle eller urimelege. Du kan be om å få opplysningar om deg sletta, dersom dei inneheld feil, er misvisande eller følast belastande. Du kan krevje å få opplysningane utleverte på eit maskinlesbart format.

Du kan også be om innsyn i korleis kommunen behandlar personopplysningar generelt og om tryggleikstiltak knytte til bruken av personopplysningane dine.

Målgruppe

Du kan be om innsyn i personopplysningar om deg sjølv, eigne barn under 15 år eller personar du handlar på vegner av (med fullmakt).

Vilkår

Innsynsretten gjeld ikkje dersom:

  • opplysningane er av betydning for utanrikspolitiske eller nasjonale forsvars- og tryggleiksinteresser
  • hemmelighald er naudsynt for førebyggjing,etterforsking, avsløring eller rettsleg forfølging av straffbare handlingar
  • det er utilrådeleg av omsyn til helsa di eller forholdet ditt til nærståande
  • opplysningane er omfatta av lovfesta teieplikt
  • det er i strid med openberre og grunnleggjande private eller offentlege interesser å gje innsyn, medrekna omsynet til deg sjølv
  • innsynet vil krenkje rettane og fridomane til andre
Lover

Personopplysningslova

Personvernforordningen artikkel 15 (Den registrertes rett til innsyn)

Forvaltningslova §§ 18 – 18d (Partane sitt høve til å gjere seg kjende med dokumenta i saka)

Helseregisterlova kap. 4 (Informasjon, innsyn, retting, sletting og sperring)

Pasient- og brukarrettslova kap. 5 (Rett til journalinnsyn)

Veiledning

Vend deg til kommunen dersom du ønskjer innsyn eller vil endre, sperre eller slette dei registrerte opplysningane om deg. Du må gi nok opplysningar til at kommunen kan identifisere deg. Blir ikkje opplysningane retta eller sletta, kan du be om at kommentaren din blir registrert saman med opplysningane.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å svare raskt når du tar kontakt, og seinast innan 30 dagar. Dersom svar på kontakten ikkje kan bli gitt innan 30 dagar, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen har plikt til å sende personopplysningar til deg på ein sikker måte. Sensitive personopplysningar skal ikkje sendast med vanleg ukryptert e-post.

Om kommunen nektar deg innsyn i opplysningane, skal du få ei skriftleg grunngiving med referanse til gjeldande lovparagraf.

Klage

Nektar kommunen å gi deg innsyn i personopplysningar, kan du klage. Du kan også klage dersom kommunen avslår ditt ønskje om retting eller sletting av opplysningar. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. Klagen må vere grunngitt. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren som hentar inn utsegn frå Datatilsynet, og ev. Riksarkivaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Innsyn, innsynsrett, personlege opplysningar, helse, helseopplysningar, omsorg, informasjon, privat, personleg, tausheit, persondata, personinformasjon, personvern, teieplikt, hemmeleg, hemmelegstempla, retting, sletting, sperring, rette, slette, sperre, lagre, lagring, database, arkivering

DebugView   v2