Løyve for skjenking av alkohol i ope arrangement (enkelt, bestemt høve)

Beskrivelse

Skal du arrangere festival, konsert eller anna klart avgrensa arrangement som er ope for publikum og servere alkoholhaldig drikke, må du søkje kommunen om skjenkeløyve.

Løyvet kan gjelde:

  • skjenking av drikke med mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol (øl)
  • skjenking av drikke med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent (øl og vin)
  • skjenking av all alkoholhaldig drikke (øl, vin og brennevin)

Dersom arrangementet blir halde i eit lokale som allereie har skjenkeløyve, treng du ikkje å søkje.

Målgruppe

Personar eller verksemder som skal halde arrangement som skal vere ope for publikum.

Vilkår

Du må kjenne vedtektene i alkohollovgivinga, men det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Du må peike ut ein styrar og avløysar som skal ha ansvaret for skjenkinga. Begge må ha fylt 20 år og kunne vise legitimasjon. Kommunen kan gjere unntak frå kravet om avløysar pga. størrelsen på skjenkestaden eller karakteren til arrangementet.

Lover
Veiledning

Du må sende søknad til kommunen. Du må m.a. leggje ved kopi av legitimasjon for styrar og avløysar. Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.

Søknadsfrist

Du bør søkje minst 30 dagar før arrangementet skal finne stad.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen innhentar fråsegner frå politiet og NAV.

Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
alkoholsal, servering, alkohol, skjenking, løyve, pub, restaurant, bar, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, disco, disko, hotell, pensjonat, dansestad, enkelthøve, arrangement, selskap, gjester, selskapslokale, drikke, festival, konsert, tilstelling, marknad, martnan

DebugView   v2