Gravlegat for stell av gravstad

Beskrivelse

Er du ansvarleg for ein gravstad, har du rett og plikt til å stelle denne. Du kan la kyrkjeverja stelle grava for deg ved å opprette eit gravlegat. Kyrkjeverja vil då sørgje for innkjøp av blomar, opparbeiding av bed, planting og vatning av grava.

Du kan opprette avtale om gravlegat med valfri lengde; 5, 10, 15 eller 20 år, men ikkje lengre enn lengda på fredingstida ved fri grav eller lengda på festetida ved festegrav.

Dersom du ikkje opprettar gravlegat og heller ikkje steller grava sjølv, vil kyrkjeverja så gras på plantefeltet på grava.

Målgruppe

Ansvarleg for gravstad.

Vilkår

Gravlegat kan ikkje vare lenger enn fredingstida eller festetida til grava.

Lover

Gravplasslova § 15 (Festaren sine rettar og plikter)

Gravplassforskrifta § 16 (Fri grav og feste av grav)

Gravplassforskrifta § 17 (Feste av gravstad)

Gravplassforskrifta § 26 (Ansvar)

Los-ord
Grav, kremasjon, kiste, dødsfall, gravlegging, gravferd, gravfeste, gravminne, blomar, gravstell, legat, planting, legatperiode, fredingstid, festetid, gravfond

DebugView   v2