Habilitering og rehabilitering

Beskrivelse

Har du funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom og:

  • ønskjer å bli mest mogeleg sjølvhjelpen?
  • treng opptrening for å meistre kvardagen?
  • treng å lære eller halde ved like ferdigheiter?

Tenester innan habilitering og rehabilitering kan hjelpe deg til å leve eit mest mogeleg sjølvstendig liv ut frå dine føresetnader og ønske.

Målet er at du skal oppnå eller halde ved lag så god funksjons- og meistringsevne som råd og kunne delta aktivt i samfunnet og i sosiale samanhengar. Kva for tenester og aktivitetar som er aktuelle, avheng av situasjonen og funksjonsevna di. Eksempel kan vere:

  • fysisk opptrening og fysioterapi
  • opplæring og trening i kvardagslege ferdigheiter
  • språktrening hos logoped
  • tilrettelegging av bustad eller arbeidsplass

Aktivitetane er eit samarbeid mellom fleire tenesteytarar og er:

  • tidsavgrensa og med klare mål og verkemiddel
  • basert på dine behov og tilpassa dine føresetnader

Både kommunen, spesialisthelsetenesta og private behandlingsinstitusjonar tilbyr habiliterings- og rehabiliteringstenester. Kommunane har hovudansvaret for oppfølginga, men vil vise vidare når det er behov for meir spesialiserte tilbod.

Målgruppe
  • Personar med medfødde funksjonsnedsettingar
  • Personar med funksjonsnedsettingar etter sjukdom eller skade
  • Pårørande
Lover
Veiledning

Ta kontakt med koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen. Pårørande kan også ta kontakt på dine vegner.

Helse- og omsorgsarbeidarar som du allereie er i kontakt med, kan også melde frå til koordinerande eining når dei ser behov for habilitering eller rehabilitering.

Saksbehandling

Koordinerande eining vil saman med deg vurdere behovet ditt og føreslå aktuelle aktivitetar og tenester. Dei vil hjelpe deg med å søkje tenester eller melde deg på tilbod. Du får oversyn over behandlingsstader og ventetider på Helsenorge.no.

Koordinerande eining har også ansvar for å utarbeide ein individuell plan og å nemne opp ein koordinator for tenestene viss det er aktuelt.

Klage

Er ikkje kommunen samd i at du treng habilitering eller rehabilitering, kan du klage etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svaret frå kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. end klagen til kommunen eller direkte til koordinatoren din. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Rehabilitering, rehabilitere, opptrening, opplæring, habilitering, habilitere, individuell plan, IP, pasientrett, helseteneste, sosialteneste, omsorgsteneste, pleieteneste, tenestetilbod, tenesteapparat, tenesteytar, tenestesektor, tenestemottakar, koordinere, koordinering, koordinator, tenestekoordinering, tenestekoordinator, tverrfagleg, hjelpeapparat, tilrettelegging, samordning, samhandling, pasient, brukar, klient, psykisk, fysisk, behandlingsplan, behandlingsopplegg, treningsplan, treningsopplegg, trening, primærhelseteneste, spesialisthelseteneste, fysioterapi, ergoterapi, logoped, funksjonshemma, funksjonshemming, funksjonsnedsetting, funksjonsevne, handikap, handikapp, handicap, handikappa, handikapa, handicapa, handicapp, handicappa, hjelpemiddel

DebugView   v2