Skuleskyss

Beskrivelse

Du har som elev i grunn- og vidaregåande skole rett til gratis transport mellom skole og heim dersom du oppfyller gjeldande vilkår.

Målgruppe
  • Elevar i grunn- og vidaregåande skole (offentleg og privat)
  • Elevar med nedsett funksjonsevne
  • Elevar med midlertidig skade eller sjukdom
Vilkår

For å få fri skoleskyss må avstanden mellom skole og heim overstige:

  • 2 km for elevar i grunnskolens 1. trinn
  • 4 km for elevar i grunnskolens 2. til 10. trinn
  • 6 km for elevar i vidaregåande skole

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare veg eller gang- og sykkelsti.

Bur du nærare skolen enn avstandane over, har du rett til skoleskyss dersom du:

  • går i grunnskolen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skoleveg
  • har nedsett funksjonsevne eller er midlertidig skada eller sjuk

Er du elev i privatskole har du berre rett til skoleskyss innanfor grensene av den kommunen (for elevar i grunnskolen) eller fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole) der du bur.

Lover

Opplæringslova kapittel 7 (Skyss og innlosjering)

Opplæringslova § 13-4 (Ansvaret for skoleskyss m.m.)

Forskrift til opplæringslova kapittel 10 (Skyss av elevar i vidaregåande opplæring)

Privatskolelova § 3-7 (Skyss m.m.)

Veiledning

Har du rett til fri skoleskyss på grunn av avstand til skole, får du det automatisk. Søknad om skoleskyss i dei andre tilfella sender du til kommunen.

Klage

Har du søkt om skoleskyss og fått avslag, har du rett til å klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avslaget. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avslaget. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren (for elevar i grunnskolen) eller klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skole).

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
skule, skuleskyss, skuleveg, buss, transport, elevar, vidaregåande skule, grunnskule, funksjonshemma, skada

DebugView   v2