Legevakt

Beskrivelse

Treng du hjelp med akutt skade eller sjukdom utanom kontortida til fastlegen, ringjer du legevakta på telefon 116 117.  Ved livstruande situasjonar ringjer du medisinsk nødtelefon 113.

Dei fleste sjukdomstilfelle blir best behandla av fastlegen som kjenner deg godt og har tilgang til journalen din.

Legevakta kan hjelpe når du:

  • treng akutt hjelp og fastlegen er utilgjengeleg
  • treng medisinsk hjelp på reise innanlands

Fastlegen kan hjelpe når du:

  •  treng raskt hjelp i opningstida til fastlegen. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gi deg ein time same dag dersom situasjonen krev det.

Ring 113 ved ulykker, alvorlege hendingar og dersom du har desse symptoma:

  • akutte lammingar i ansikt eller arm
  • akutt språkforstyrring; finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • plutseleg og uforklarleg ubalanse
  • medvitsløyse eller nedsett medvit
  • brystsmerter i meir enn fem minutt
  • bruk av hjartemedisinen nitroglyserin gir mindre effekt enn vanleg
  • uventa ubehag i brystet, generelt ubehag og kvalme
Målgruppe

Personar som:

  • bur eller oppheld seg i kommunen og har behov for akutt hjelp
  • er på reise i kommunen og treng medisinsk hjelp
Vilkår

Du treng ikkje tilvising for å få behandling ved legevakta. Før du tar kontakt med legevakta, bør du ha vurdert om fastlegen kan hjelpe deg i staden.

Lover
Veiledning

Når du kjem til legevakta, er det ein fordel om du har med:

  • oversikt over faste medisinar som du brukar
  • frikort eller kvitteringskort for eigendelar (viss du har)
  • relevante medisinske papir (rapport frå sjukehus e.l.)
  • legitimasjon
Saksbehandling

Legevakta vil vurdere kor alvorleg situasjonen er. Mindre alvorlege sjukdommar eller skader vil bli prioritert lågare enn alvorleg sjukdom eller skade, og du må då rekne med ventetid.

Legevakta kan:

  • gi behandling
  • vise deg til spesialist eller sjukehus for undersøking eller behandling

Har du behov for vidare oppfølging etter avslutta behandling, må du kontakte fastlegen din. Skulle tilstanden forverre seg og du ikkje får kontakt med fastlegen, bør du kontakte legevakta igjen.

For den sjukdommen eller skaden som legevakta behandla deg for, kan du få:

  • sjukmelding for ein kort periode
  • resept på medisinar

Treng du vidare sjukmelding eller resept på medisinar du brukar fast, tar du kontakt med fastlegen din.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til legevakta. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Om du har blitt påført skade etter behandlingssvikt hos legevakta, kan du ta kontakt med Norsk pasientskadeerstatning for å fremje erstatningskrav.

Los-ord
Legevakt, lege, doktor, akutt, skade, ulykke, døgnopen, sjuk, sjukdom, livstrugande, sjukmelding, sjukemelding, ambulanse

DebugView   v2