Fylling og planering av terreng

Beskrivelse

Ønskjer du å fylle ut eller planere terreng på eiga tomt, treng du ikkje søkje kommunen om dette når endringane du planlegg er små.

Det er ikkje krav om nabovarsel, men det er ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuar som kan bli påverka av tiltaket. Då vil du finne ut om det likevel er lurt å sende inn søknad, for eksempel dersom tiltaket medfører stor ulempe eller sjenanse for dei påverka.

Ønskjer du å gjere større endringar på tomta eller søkje dispensasjon frå gjeldande vedtekter, må du uansett sende søknad til kommunen.

Målgruppe

Eigar eller festar av tomt som planlegg fylling eller planering av eigedommen.

Vilkår

For å sleppe søknad må du oppfylle desse vilkåra:

  • Tiltaket må ikkje føre til meir enn 3,0 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i grisgrendt strøk. 
  • Tiltaket må ikkje føre til meir enn 1,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygd strøk. 
  • Tiltaket må ikkje føre til meir enn 0,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå på eigedom for rekkje- eller kjedehus med tett busetnad. 
  • Avstand frå fyllingsfoten til nabogrensa må vere minst 1 meter. 
  • Endringar i terrenget må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.
  • Tiltaket fører ikkje til fare eller ulempe for omgivnadene. 
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova. 
  • Tiltaket er ikkje i strid med kommuneplanens arealdel, reguleringsplan eller bygningsplan.
Lover

Plan- og bygningslova § 1-6 (Tiltak)

Plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som er omfatta av byggesaksvedtektene)

Plan- og bygningslova § 20-5 (Tiltak som er unntatt frå søknadsplikt)

Plan- og bygningslova § 21-3 (Nabovarsel)

Byggesaksforskrifta, § 4-1 (Tiltak som ikkje krev søknad og løyve)

Veiledning

Er du i tvil om du må søkje eller ikkje, kan du kontakte kommunen for nærare informasjon.

Når tiltaket er søknadspliktig, må du leggje ved dokumentasjon. Kva for dokument som er nødvendige står oppført i søknadsskjemaet.

Du må også varsle naboar og tverrbuar før søknaden blir sendt til kommunen. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending.

Saksbehandling

Når du har sendt inn søknad med alle nødvendige vedlegg, skal kommunen behandle søknaden innan tre veker frå søknaden er tatt imot. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne løyve som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker.

Klage

Har du sendt søknad til kommunen, kan du klage på avgjerda. Fristen er tre veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje blir endra, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren. Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Har du vurdert tiltaket som unntatt søknadsplikt, kan naboar og andre som er påverka be kommunen vurdere om tiltaket likevel er søknadspliktig.

Los-ord
fylling, planering, tiltak, tomt, fyllmasse, tomtegrense, terreng, nabogrense, byggesak, byggjesak, byggemelding, byggjemelding, byggesøknad, byggjesøknad, oppmåling, grunneigar, grenser, nabo, tverrbu, areal, grave, plan- og bygningslova, reguleringsplan, kommuneplan, nabogrense, oppstillingsplassar, parkeringsplassar, kablar, drenering

DebugView   v2