Mindre tiltak utan søknadsplikt

Beskrivelse

Du kan utføre enkelte mindre tiltak på tomt eller bygning utan å involvere eit ansvarleg firma og utan at du må søkje kommunen først. Ifølgje byggesaksforskrifta treng du ikkje søkje om:

Oppføring av garasje eller frittliggande, mindre uthus på eigedom med bygningar når du ikkje skal bruke det til å bu i;

  • mønehøgde inntil 4 meter
  • med gesimshøgde inntil 3 meter
  • der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje er over 50 m².
  • der avstanden til annan bygning på eigedommen ikkje skal vere mindre enn 1 meter
  • der avstanden til nabogrensa ikkje skal vere mindre enn 1 meter
  • som ikkje har kjellar
  • som er på berre ein etasje, men kan ha eit mindre oppbevaringsloft
  • som ikkje blir bygd over eksisterande vass- og avløpsleidningar

Endring i eksisterande bygg, innanfor ei brukseining eller branncelle;

  • mindre tilbygg der verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 15 m². Tilbygget må være understøtta og kan ikkje overstige to etasjar eller to plan.
  • ikkje-berande vegg 
  • reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • installering, endring og reparasjon av våtrom
  • installering, endring og reparasjon av eldstad
  • andre enkle installasjonar

Tiltak utandørs;

  • Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 10 meter. Veggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning. Avstanden til nabogrensa skal ikkje vere mindre enn 1 meter.
  • Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 5 meter. Leveggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning og kan plasserast inntil nabogrense.
  • Innhegning mot veg med inntil 1,5 meters høgde. Innhegninga må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Skilt- og reklameinnretning inntil 3 m² som blir montert flatt på vegg. Ønskjer du å montere fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade, må du søkje kommunen.
  • Antennesystem med høgde inntil 5 meter. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 meter. Panelantenne plassert på vegg kan ha høgde inntil 2 meter.
  • Mindre støttemur på inntil 1 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 1 meter, eller støttemur på inntil 1,5 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 4 meter. Muren må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til meir enn 3 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i grisgrendt strøk, eller 1,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygd strøk. På eigedom for rekke- eller kjedehus o.l. der bygga ligg tett, må avviket ikkje vere meir enn 0,5 meter frå opphavleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1 meter. Endringar i terreng må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg. 
  • Graving for kablar. 
  • Lokal drenering og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
  • Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for bruk av tomta som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på landbrukseigedom. Avstand til nabogrense må vere minst 1 meter.

Plassering av;

  • Bygningar, konstruksjonar eller anlegg på eller i direkte tilknyting til bygge- eller anleggstomt der arbeid går føre seg. 
  • Campingvogn og opplag av fritidsbåt på bygd bustad- og fritidseigedom. 
  • Campingvogn på campingplass.

Oppføring av frittliggjande byggverk knytta til drift av jordbruks-, skogbruks- eller reindriftsområde;

  • der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje overstig 15 m²
  • som berre er på éin etasje og ikkje er underbygd med kjellar.
Målgruppe

Du som planlegg mindre tiltak på eigen eigedom.

Vilkår

Tiltaket må vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova om blant anna estetikk og avstand til nabo.

Det må òg vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan, utbyggingsplan og eventuelt reguleringsplan.

Den som utfører tiltaket, er sjølv ansvarleg for at reglane blir følgde.

Lover

Byggesaksforskrifta § 4-1 (Tiltak som ikkje krev søknad og løyve)

Byggesaksforskrifta § 4-2 (Unntak for plassering av særskilt bygning, konstruksjon eller anlegg)

Plan- og bygningslova § 1-6 (Tiltak)

Plan- og bygningslova § 20-5 (Tiltak som er unntatt frå søknadsplikt)

Veiledning

Dispensasjon frå gjeldande regelverk krev søknad. Dersom du er i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, kan du kontakte kommunen for nærare informasjon.

Los-ord
tiltak, bygg, uthus, eigedom, gesims, møne, bruksareal, bygd, areal, bygning, berevegg, våtrom, branncelle, eldstad, levegg, skjermvegg, innhegning, skilt, reklame, antenne, støttemur, nabogrense, mur, planering, terreng, oppstillingsplassar, parkeringsplassar, kablar, drenering, campingvogn, fritidsbåt, vinteropplag

DebugView   v2