Konsesjon og buplikt – landbrukseigedom

Beskrivelse

Har du kjøpt, arva eller fått ein landbrukseigedom, kan det vere konsesjonsplikt på eigedommen i høve til konsesjonslova. Dette betyr at du må søkje kommunen om konsesjon (løyve) før du tar over eigedommen. Formålet med konsesjon er å regulere og verne eigar- og produksjonsforholda i landbruket.

Du treng ikkje søkje om konsesjon dersom:

  • du har odelsrett til eigedommen
  • du er ektefelle eller sambuar med tidlegare eigar
  • du er i nær slekt med tidlegare eigar eller tidlegare eigars ektefelle eller sambuar
  • karakteren til eigedommen oppfyller krava i konsesjonslova § 4

Då er det nok å dokumentere at overtakinga er konsesjonsfri. Skal du derimot ikkje busetje deg på eigedommen, må du likevel søkje om konsesjon.

I nokre tilfelle følgjer det av lova at det er buplikt på ein eigedom. I andre tilfelle kan kommunen bestemme at det er buplikt på eigedommen, enten ved forskrift, eller i den enkelte saka. Buplikt kan enten vere personleg eller upersonleg. Personleg buplikt betyr at det er du sjølv som må bu der, og du må vere registrert som busett på eigedommen i Folkeregisteret. Upersonleg buplikt betyr at nokon må vere registrert som busett på eigedommen i Folkeregisteret, men at dette kan vere ein annan enn deg sjølv.

Målgruppe

Den som kjøper, arvar eller får ein landbrukseigedom.

Lover

Konsesjonslova kap. 3 (Overdragingar som ikkje treng konsesjon, nedsett konsesjonsgrense osv.)

Konsesjonslova kap. 4 (Forhold av betyding for om konsesjon skal bli gitt)

Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.

Forskrift om konsesjonsfrihet mv.

Veiledning

Du søkjer om konsesjon ved å fylle ut fastsett skjema som du sender til den kommunen eigedommen ligg i.

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om konsesjon og skal òg gi deg rettleiing dersom du er usikker på konsesjonsreglane.

Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Du må leggje ved kopi av skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller annan avtale, pluss takst dersom det finst slike dokument. Du må òg leggje ved skogbruksplan dersom dette ligg føre.

Søknadsfrist

Fire veker etter avtale om overtaking blei gjort eller du tok over eigedommen.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

I vurderinga av søknaden vil kommunen mellom anna leggje vekt på:

  • omsynet til busetjinga i området
  • om overtakinga av eigedommen inneber ei driftsmessig god løysing 
  • om overtakinga tar i vare omsynet til ei heilskapleg ressursforvalting og til kulturlandskapet 
  • størrelsen, avkastingsevna og bygningane på eigedommen
  • at prisen for overtaking av eigedommen er i takt med generell prisutvikling
  • din kompetanse til å drive ein landbrukseigedom
  • livssituasjonen din og tilknytinga di til eigedommen

Kommunen kan ha behov for å gjere ei synfaring og oppmåling av eigedommen.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
Landbrukseigedom, landbruk, buplikt, bu- og driveplikt, eigedom, gard, overdraging, erverv, fritak, drift, konsesjon, odel, bustad, tomt, kjøp, sal, tinglysing, grunneigar, arv, gåve, skifte, leigetakar, utbyggjar, forvaltning, grunn, næring, miljø, naturvern, friluft, interesser, busetting, jord, dekar, jordbruk, skogbruk, dyrka mark, areal, forpakting, forpaktar, landbruksdrift, skogbruksdrift, jordbruksdrift, landbruksareal, skogbruksareal, jordbruksareal,

DebugView   v2