Forliksråd

Beskrivelse

Er du i konflikt med nokon eller nokon skuldar deg pengar, kan du klage motparten inn til forliksrådet. Forliksrådet vil prøve å få til ei god ordning mellom dykk, og dermed unngå ein lang og dyr prosess i rettsapparatet.

Forliksrådet er den lågaste rettsinstansen i sivile saker og behandlar ikkje straffesaker. Som hovudregel skal ei sivil tvistesak behandlast i forliksrådet før ho ev. kan fremjast for tingretten.

Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet er sett saman av tre lekfolk med varamedlemmer. Desse blir valde blant innbyggjarane i kommunane for fire år om gongen. Sekretariatsoppgåvene til forliksrådet blir utførte av politiet som ei sivil oppgåve.

Målgruppe

Personar eller verksemder som er i konflikt med eller har eit krav mot annan person eller verksemd.

Vilkår

For å fremje saka di for forliksrådet kan saka ikkje

  • vere retta mot stat eller kommune
  • vere ei familiesak. Gjeld saka økonomisk oppgjer ved samlivsbrot eller deling av reisekostnader ved samvær, kan ho likevel fremjast for forliksrådet.
  • handle om patentar, varemerke og design
  • vere avgjort av ei nemnd (f.eks. Forbrukartvistutvalet eller Husleigetvistutvalet) når det er bestemt ved lov at vedtaket i nemnda er bindande dersom saka ikkje blir bringa inn for domstolane.

Desse sakene går direkte til tingretten.

Er tvistesummen på minst kr 125 000 og begge partane er representerte med advokat, kan saka gå direkte til tingretten.

Lover

Rettsgebyrforskrifta § 2-1 (Rettsgebyrets storleik)

Rettsgebyrlova §7 (Tvistemål – forliksrådene)

Tvistelova kap. 6 (Behandlingen i forliksrådet)

Veiledning

For å få saka di behandla i forliksrådet sender du først ein forliksklage til forliksrådet i den kommunen motparten bur eller har forretningsstad i. Klagen bør vere skriftleg, men kan også bli gitt munnleg ved personleg frammøte.

Forliksklagen må innehalde:

  • Kva du krev
  • Kva som er grunnlaget for kravet
  • Namnet og adressa til motparten
  • Viktig dokumentasjon, f.eks. faktura, betalingsavtale og brevveksling med motparten

Sekretariatet i forliksrådet kan hjelpe deg med å setje opp forliksklagen. Du kan, om du ønskjer det, be om hjelp av ein advokat eller rettshjelpar.

Saksbehandling

Forliksrådet vil gjere klagen din kjend for motparten og gi ein frist for å komme med tilsvar (normalt 14 dagar).

Om motparten godtar påstanden i klagen din, kan forliksrådet avseie dom utan mekling. Når motparten er usamd i påstanden, innkallar forliksrådet dykk til mekling.

Resultatet av meklinga kan vere:

  • Forlik, når de blir samde om å møtast på halvvegen eller avtaler ein nedbetalingsplan for det skuldige beløpet.
  • Dom, når de ikkje blir samde, eller motparten ikkje møter til mekling. Ein dom i forliksrådet kan ankast til tingretten. Blir ikkje dommen anka, er han rettskraftig. Då kan ev. skuldig beløp tvangsfullbyrdast via namsmannen.
  • Innstilling, om forliksrådet ikkje har nok opplysningar eller finn saka for komplisert. Då blir saka send vidare til tingretten.
  • Frifinning, om forliksrådet finn at eit krav er forelda. Normalt er foreldingsfristen tre år rekna frå det tidspunktet motparten fekk, eller burde fått, kjennskap til kravet.
Klage

Partane kan anke ein dom i forliksrådet til tingretten innan éin månad. Du kan ikkje klage på avgjerdene til forliksrådet om sakskostnader, rettsgebyr eller salærfastsetting frå ev. advokat.

Los-ord
Domstol, forliksråd, forliksrådsbehandling, forliksklage, forliksmekling, lekdommar, mekling

DebugView   v2