Bustadhygiene - rettleiing om inneluft og inneklima

Beskrivelse

Har du mistanke om dårleg inneklima i bustaden din? Ser du teikn til fuktskadar eller muggsopp? Har du eller andre i husstanden symptom som kan skuldast innemiljøet? Då kan du kontakte kommunen som kan gi deg råd og rettleiing om inneklima og bustadhygiene og eventuelt gjere ei inneklimamåling.

Eit godt inneklima er viktig for helsa di. Har bustaden din fuktskadar eller muggsopp, kan det auke risikoen for utvikling og forverring av sjukdommar som allergiar og luftvegslidingar.

Ei inneklimamåling i bustaden kartlegg mellom anna:

  • CO²-innhald
  • temperatur
  • førekomst av fuktskadar
  • førekomst av muggsopp
  • støv- og radoninnhald

Kommunen kan føre tilsyn i utleigebustader der inneklimaproblemet skuldast forhold som leigetakarane ikkje kan utbetre sjølv. Utleigaren har ansvaret for at utleigebustader er i tilfredsstillande stand. Leigetakar bør derfor først kontakte utleigar dersom det er dårleg inneklima i utleigebustaden.

Målgruppe

Alle som eig eller leiger bustad i kommunen.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 (Helsefremjande og førebyggjande arbeid)

Folkehelselova kap. 3 (Miljøretta helsevern)

Veiledning

Ta kontakt med kommunens avdeling for miljøretta helsevern og beskriv problemet. Meiner du å ha blitt sjuk av inneklimaet, bør du få ei erklæring frå fastlegen din. Kommunen vurderer om ei inneklimamåling skal gjennomførast, og vil i så fall avtale eit tidspunkt med deg.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til avdeling for miljøretta helsevern. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
innemiljø, inneklima, inneluft, bustadklima, hygiene, reinhald, helsevern, helserisiko, helseplager, luftkvalitet, midd, mugg, muggsopp, sopp, støv, svevestøv, svevepartiklar, bakteriar, fukt, fuktskade, råte, råteskade, radon, asbest, trekk, lufttemperatur, luftfukt, røyking, røyk, tobakk, tobakksrøyk, sigarettrøyk, sot, sotpartiklar, os, peis, peisos

DebugView   v2