Karakterar – klage

Beskrivelse

Er du usamd i eller misnøgd med karakterar som skal stå på vitnemålet ditt, kan du klage.

Du kan klage på:

  • standpunktkarakterar, inkludert karakter i orden og oppførsel
  • eksamenskarakterar
  • avgjerd om å ikkje gi standpunktkarakter
Målgruppe
  • Elevar i grunnskulen
  • Foreldre til elevar i grunnskulen
Vilkår

Er du under 15 år, må du ha samtykke frå foreldra dine for å klage.

Lover

Forskrift til opplæringslova kap. 10 (Klage på sluttvurderingar)

Veiledning

Fristen for å klage er ti dagar frå du tok imot standpunkt- og eksamenskarakterar.

Innanfor klagefristen kan du krevje munnleg grunngiving for karakter til munnleg eksamen. For standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel kan du krevje skriftleg grunngiving. Ved skriftleg eksamen kan du be om å få kopi av eksamenssvaret ditt, men ikkje krevje grunngiving for karakteren.

Klagen må være skriftleg og underteikna av deg som klagar eller den du har gitt fullmakt til. Gi opp kva du klagar på og skriv helst ei grunngiving. Klagar du på ein skriftleg eksamenskarakter er det ikkje nødvendig med grunngiving. Send klagen til skolen der du er elev.

Saksbehandling

Skolen eller klageinstansen skal behandle klagen din så snart som mogeleg. Dersom svar på klagen ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

Resultatet av klagebehandlinga kan vere:

  • karakteren blir ståande
  • karakteren blir sett opp
  • karakteren blir sett ned

Du vil få skrive ut nytt vitnemål dersom karakteren blir endra.

Dersom du får medhald i klage på karakter til munnleg eksamen, blir karakteren sletta og du har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom eksamensfaget blei tilfeldig trekt, skal det trekkjast på nytt.

Los-ord
Karakterar, evaluering, eksamenskarakter, standpunktkarakter, vitnemål, avgangsprøve, fagprøve, kompetanseprøve, eksamen, klage, realkompetanse, sveineprøve, orden, åtferd, oppførsel

DebugView   v2