Svangerskapsomsorg

Beskrivelse

Er du gravid, får du tilbod om svangerskapskontroll. Du kan velje om du vil gå til kontroll hos jordmor på helsestasjonen, fastlege, eller begge.

Svangerskapskontroll er med på å gi deg god helse under svangerskapet, gjennom å tilby regelmessig helseundersøking.

Du får tilbod om ni kontrollar, og første kontroll skjer vanlegvis mellom svangerskapsveke 8 og 12. Viss du ønskjer det, kan barnefar, partnar eller anna følgje vere med.

Jordmor eller lege vil ta blodprøver, måle blodtrykket og undersøkje urinprøve. Vekta di blir registrert kvar gong. Mellom svangerskapsveke 17 og 19 får du tilbod om ultralydundersøking.

Jordmor eller lege vil tilby deg ein samtale der målet er å kunne gi deg råd og tilrådingar som er tilpassa ditt behov, og vurdere om du treng å gå oftare til kontroll.

Aktuelle tema er:

  • kosthald, trening, røyking og alkohol
  • livssituasjon
  • arbeidssituasjon i forhold til graviditet
  • helsetilstanden din, arvelege sjukdommar i familien din og eventuelle kroniske sjukdommar
  • tidlegare svangerskap og fødslar
  • vanlege plager og endringar som skjer i samband med svangerskapet 
  • stønadsmogelegheiter, rettar og plikter
  • kommunens tilbod om svangerskapsomsorg 
  • ulike fødetilbod der du bur
  • fødselen, det å få barn og førebuingar til barseltid og amming
  • rolla til partnaren din under fødselen

Du kan i tillegg få rådgiving knytt til samliv og foreldrerolla, og tilbod om fødselsførebuande kurs.

Jordmor eller fastlegen skal òg ta opp tema som kan vere vanskelege å snakke om. Eksempel på dette er: 

  • tungsinn ut over det som er vanleg 
  • psykiske plager eller depresjonar
  • vald, fysisk og psykisk trakassering og seksuelle overgrep
  • eteforstyrringar
  • ting du er uroleg for, redsle for å føde eller sjukehusskrekk

Dersom du har behov for det, kan du bli vist til ekspert som psykolog eller psykiater for å få hjelp.

Målgruppe

Gravide

Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesta § 3 (Kommunen sitt ansvar)

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesta § 5 (Innhaldet i helsestasjonstjenesten)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Veiledning

Du treng ikkje søkje om å få svangerskapskontroll. Du kan vende deg til den næraste helsestasjonen for å bestille ein time, eller kontakte fastlegen.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Statsforvaltaren.

Los-ord
svangerskapsomsorg, fosterdiagnostikk, fødsel, graviditet, heimefødsel, jordmorteneste, svangerskap, svangerskapskontroll

DebugView   v2