Utsett skolestart

Beskrivelse

Synest du barnet ditt har behov for eit ekstra modningsår før skolestart, kan du søkje skolen om eitt års utsetjing. Skolen sender søknaden vidare til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som vil vurdere kor langt barnet har komme i utviklinga si. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for eit ekstra modningsår, vedtar rektor utsett skolestart.

Om barnet går i barnehage, bør du rådføre deg med barnehagen før du søkjer. Barnehagen vil saman med deg vurdere:

  • modnad og kognitivt nivå (evne til å forstå)
  • språkleg dugleik
  • motorikk
  • sosial dugleik

Barnehagen kan ta direkte kontakt med PPT.

Målgruppe

Utsett skolestart kan vere aktuelt for:

  • barn som vil klare seg utan støtte- eller spesialundervisning på skolen dersom dei får eit ekstra år i barnehagen
  • barn som er fødde svært seint på året

Skolen tilbyr spesialundervisning til barn som treng større grad av tilrettelegging. Utsett skolestart vil derfor ikkje vere like aktuelt for:

  • barn med store og varige funksjonsnedsettingar og vanskar
  • barn som vil ha behov for spesialundervisning i store delar av opplæringstida
Vilkår

Det er rektor ved skolen som bestemmer om barnet skal utsetje skolestarten. Før rektor bestemmer dette, må PPT ha konkludert med at barnet har behov for eit ekstra modningsår.

Får barnet ditt utsett skolestarten, vil det vanlegvis vere eit vilkår at barnet går i barnehage det ekstra året.

Lover

Opplæringslova § 2-1 (Rett og plikt til grunnskoleopplæring)

Veiledning

Du kan søkje åleine eller saman med barnehagen. Skriv kvifor du meiner barnet bør utsetje skolestarten, og legg ved aktuell dokumentasjon. Send søknaden til den skolen der barnet er skrive inn. Skolen sender søknaden vidare til PPT, som vil ta kontakt med deg for ei samtale og for observasjon og testing av barnet. Går barnet i barnehage, vil denne òg bli involvert.

Søknadsfrist

Opplæringslova set ingen tidsfrist for å søkje om utsett skolestart, men kommunen kan ha sett ein frist slik at de rekk å søkje barnehageplass i hovudopptaket.

Saksbehandling

Skolen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når skolen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda skolen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til skolen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Skolen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen du til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
skolestart, pedagogisk-psykologisk teneste, pp-teneste, ppt, forseinka, umoden, skolemoden

DebugView   v2