Individuell plan og koordinator

Beskrivelse

Har du behov for fleire ulike helse- og omsorgstenester over lang tid, kan du be kommunen om å utarbeide ein individuell plan for deg. Du skal også få nemnt opp ein koordinator.

Individuell plan er eit dokument som:

  • gir ei samla oversikt over behova dine for offentlege tenester
  • hjelper deg med å setje langsiktige mål for korleis du kan meistre kvardagen
  • bidrar til at tenestene du får blir samordna og tilpassa behovet ditt
  • listar opp kontaktpersonane dine, viser kven som er ansvarleg for kva og sikrar at alle samarbeider med deg og kvarandre
  • skal oppdaterast fortløpande og fungere som eit dynamisk verktøy i koordinering og målretting av tenestetilbodet

Individuell plan treng ikkje omfatte alle tenestene du får, berre dei tenestene det kan vere nyttig å koordinere.

Det er dine mål og behov som skal vere utgangspunktet, det er derfor viktig at du tar aktivt del i å lage planen. Når det er naturleg og du sjølv ønskjer det, kan dine pårørande også delta. Alle involverte tenesteytarar har plikt til å delta i arbeidet med planen, for eksempel kan fastlege, skole eller sjukehus bidra.

Éin av tenesteytarane skal få rollen som din koordinator og ha hovudansvaret for oppfølginga av deg. Koordinatoren skal sikre samordning av tenestene og bidra aktivt med å lage den individuelle planen din. Har du ønske om kven som skal fungere som koordinatoren din, skal kommunen forsøkje å oppfylle det. Du kan få tildelt ein koordinator sjølv om du takkar nei til individuell plan.

Målgruppe

Personar med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, og deira pårørande.

Familiar som har barn under 18 år (eller ventar barn) med behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse-, omsorgs- og velferdstenester har rett til å få oppnemnt ein barnekoordinator.

Vilkår

Ein individuell plan skal berre lagast dersom du sjølv ønskjer det.

Lover
Veiledning

Du kan sjølv be om å få laga ein individuell plan og/eller å få ein koordinator. Ta kontakt med koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i kommunen. Pårørande kan også ta kontakt på dine vegner. Det er ikkje krav om ein skriftleg søknad.

I tillegg kan kommunen ta initiativ til individuell plan når du tar imot fleire helse- og omsorgstenester og det kan vere behov for koordinering.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka di så snart som mogeleg. Dei vil hente inn nødvendige opplysningar slik at dei kan tildele koordinator og starte arbeidet med individuell plan. Når tildelinga er klar, vil koordinatoren kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring.

Klage

Er ikkje kommunen samd i at du treng ein individuell plan eller koordinator, kan du klage etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svaret frå kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til koordinatoren din. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
Individuell plan, IP, planarbeid, pasientrett, helseteneste, sosialteneste, omsorgsteneste, pleieteneste, tenestetilbod, tenesteapparat, tenesteytar, tenestemottakar, tenestesektor, koordinere, koordinering, koordinator, tenestekoordinering, tenestekoordinator, tverrfagleg, hjelpeapparat, tilrettelegging, samordning, samhandling, samarbeid, pasient, pasientmedverknad, brukar, brukarmedverknad, klient, psykisk, fysisk, psykiatri, opplæringsplan, behandlingsplan, behandlingsopplegg, treningsplan, treningsopplegg, primærhelseteneste, spesialisthelseteneste, rehabilitering, habilitering, hjelpemiddel, barnekoordinator

DebugView   v2